torsdag, 20 januar 2011 18:54

Blogg 20.01.11 lytting utan god tid.

Skrevet av

Eg likar ikkje å ha det travelt når eg skal høyre på hifi. Og denne veka har vore meir travel enn eg har godt av. Anlegget har berre vore bittelitt på, utan at eg har gjort anna innspeling enn ein halvtime med vinylriggen, resten har vore Spotify-musikk. Sånn er det for tida.

 

 

Så då det endeleg vart tid til å sette seg ned, fann eg ut at eg ville straffe meg sjølv gjennom musikkvalet. For tida likar eg å sette på eit eller anna hyggjeleg etter harde arbeidsdagar, men denne gongen skulle det gjerast annleis. Eg tok musikk med store og intrikate lydbilde, utan noko intimt eller smålåte over seg. Og så tenkte eg hifi-vurdering, så eg tok dertil ei innspeling av det ekstreme slaget. Ei som Chesky-brørne hadde fått lov til å trykke på nytt, ein generasjon seinare enn då originalen kom ut. Det er ei lang historie.

 

I stereoens barndom vart det gjort mange storslagne innspelingar. Teknikarar og lydfolk leika seg i det nye handlingsrommet, og etter kvart utkrystalliserte det seg nokre stjerner på hifi-himmelen, innspelingar som var gjort teknisk glimrande, og attpåtil med dei framste artistane i si tid. Desse innspelingane var (og er) svært ettertrakta for kjennarar, ettersom dei har dei same kvalitetane i dag som den gongen dei var nye. Og desse kvalitetane må seiast å overgå mykje av det som har vorte laga seinare. Vi snakkar om at den teknologiske utviklinga har gått vidare, men det kan diskuterast om ho har gått framover på alle måtar. Den gongen ei LP-plate kosta eit par dagsløner, og eit hifi-anlegg var noko berre rikfolk kunne tenke på, vart mange hifi-legender danna. Dei ekstreme platene frå RCA Living Stereo

og Mercury Living Presence er framleis svært ettertrakta, og kan framleis verte omsett for mange hundre dollar, ja, eg har sett eksemplar som har gått for langt over $1000 innimellom.

 

 

Dette var bakteppet då Chesky-brørne engasjerte seg, og med veldig mykje om og men greidde å komme inn i skattkammeret til RCA, der dei aller nådigst fekk bruke dei gamle masterteipane frå den gong då. Med ein ekstremt blodtrimma tre spors Ampex 300 bandopptakar med nye rør og mykje anna, fekk dei miksa ned dei tre kanalane til to, og til sist laga om til nye vinylplater. Dette hadde eg venta på så lenge, så eg kjøpte det eg kom over av slaget. Forferdelege 90-tals plateomslag, om ein kan snakke om vinylplateomslag frå den tida....men dei kosta berre 10% av det eg måtte ut med for eit eksemplar med nokolunde lytefri sliteflate. Musikken kjente eg litt frå før, ikkje akkurat det eg er gladast i, men med mykje hifi-snadder. Akk, all denne ungdommelege dårskap eg gjekk gjennom på slutten av 80-talet…

Dagens plate er altså ”The Reiner Sound”, ikkje i RCA original, men altså i Chesky-tapping. Plata inneheld musikk av Ravel, ein komponist som dirigenten Fritz Reiner hadde eit nært forhold til (var det slik at han var svigerson?) Flott vinyl, men det finnest endå betre kvalitetar for tida. Men dei har eg ikkje spandert pengar på så langt. Ein får då roe seg litt med åra....

Ravel var kanskje den siste romantikaren, men sjølv om eg i høgste grad er glad i den romantiske perioden, er det mykje av Ravel eg ikkje har sansen for. Men her er nokre ”lydglimt” eg har hatt som referanse, Spansk rapsodi er så dynamisk og rå at det får alle aspekt av anlegget sine kvalitetar til å blotte seg. Og det er moro no. Med Rogue riaa og Dynavector xx2mkII over anlegget mitt, er det slik at eg fokuserer på dei sidene av denne musikken som gjev meg glede og musikalsk engasjement. Xx2 er veldig god på klassisk musikk, men har i tillegg også evna til å rocke. Og det er ganske rå ting som skjer gjennom denne rapsodien. Seinare på plata har vi ”Pavane for ei død prinsesse”, som eg ikkje tykkjer er den same utfordringa for anlegget, men det er viktig å få med bassfundament og utbroderinga av orkestreringa og dei musikalske tema som byggjer seg opp.

Perkusjoninstrumenta og dynamikken som kjem fram på side 2 med Rachmaninoff sin opus 29 ”Isle of the dead” er rimeleg nerveslitande, og får meg til å sjå på klokka. Dette er ikkje hyggjeleg lyttestoff. Eigentleg. I kveld tek eg det som sjølvplaging. Eg likar nokre få ting med Rachmaninoff, men ikkje dette. så eg har nesten ikkje spelt det. Har det berre for audiofilsk blamering. Men ikkje tale om plata skal ut av samlinga. Ei plate har alltid to sider, må vite.

Men pickup og riaa skal spelast inn, sette seg, og det er dumt å la ein såpass dyr pickup stå og hakke i innerrilla fordi han skal spelast inn. Men det er snart Dagsrevy, og eg er meir gira på å høyre litt rockemusikk, det kan verke som anlegget inviterer til den slags. Så ei ikkje spesielt vellydande plate vert rigga, Rolling Stones ”Dirty Work”. Eg veit at Dynavector skal gjere godt arbeid med rockemusikk, og at pickupen skal passe svinegodt i VPI-armen min. Dessutan har Håvar hatt denne klangen i stemma som han har når han veit at produktet han har sendt i frå seg er veldig godt, særleg då eg snakka om Rogue sin nye riaa-forsterkar. Her har eg styrt meg med dipswitchane slik at det skal vere akkurat rette dip-en...forventningane er altså i høgste grad på plass, litt før Dagsrevytid. Rekk å høyre litt.

Her er det også veldig godlyd frå pickupen, det vert greve fram solid bassteikning, dei rotete gitarriffa frå "One hit (to the body) og "Fight", og den lett bokseaktige slagverklyden er veldig tydeleg. Men på ein måte som er veldig engasjerande, slik at det ikkje på noko vis går ut over den musikalske opplevinga, snarare tvert i mot. Og når ”Harlem shuffle” spelast, er det slik makt og tyngde over rytmeseksjonen, over elpinanoet og vokalen at det berre er å gje seg ende over. Sjølv om ein høyrer alle detaljane i musikken og opptaket så til dei grader. Det er lett forståeleg at mange har Dynavector som favoritt  - når både Ravel, Rachmaninov og Rollings kjem så vellukka frå det.

Eg guffar opp lydtrykket til det byrjar å verte heftig for alvor, og her er alt slik det skal vere. Elektrostatisk oppløysing, men på same tid basspønsj som du skal leite lenge etter. Utan at effektforsterkaren er nær klippegrensa. Effektforsterkarane er einaste greiene i signalvegen med transistorar, og platespelaren verkar vere laga med firhjulsdrift og differansialsperre. Saft til tusen. Fy Søren for eit anlegg som står her! Og det er for ein gongs skuld moro å spele inn ein ny og forferdeleg dyr pickup, som eg veit eg må sende frå meg igjen, om eg då ikkje finn ut at eg plutseleg har fått rundt tjue tusen ekstra inn på konto. Den tid, den sorg. Anlegget spelar slik eg heile tida hadde tenkt det skulle spele. Eg burde eigentleg vere veldig, veldig fornøgd.....og er det også, i den grad at handballkampen med Island droppast til fordel for meir musikk. Det er så gøy at denne pickupen av type altfor dyr etter min smak, skal klare å få så mykje glede ut av plater av type innspelt av ein rimeleg rusa produsent. Mange trur at dyre pickupar berre kan spele direktegraverte plater. Eller Chesky sine Rachmaninoff-innspelingar. Det er berre tull! Ein slik pickup spelar ALT på ein måte du vanskeleg kan vere likegyldig til. "Eg høyrer ikkje forskjell på desse dyre greiene dine og sånt billeg", høyrer eg frå tid til anna. Heilt til eg slår på anlegget og let "offeret" sette seg i ideell lytteposisjon.

Eg har eigentleg lyst til å oppgradere. Men det kjem til å verte svinedyrt å få noko betre enn dette. Eg hugsar på at både Rogue-riaaen og pickupen må returnerast. Men det er heldigvis lenge til. Dette kunne eg tenkje meg å ha i anlegget på permanent basis.

Ha ein fin kveld, de også!

Helsing Audiophile-Arve

Lest 5800 ganger Sist redigert søndag, 04 august 2013 21:28
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.