søndag, 22 mai 2005 23:00

Konfirmantanlegg.

Skrevet av

Konfirmasjonstida er for dei fleste over, og mange lurer på å investere i musikkanlegg. For hifi-bransjen er det viktig å tenke på rekrutteringa. Typisk kunde i hifi-butikk er mann i 40-årsalderen. Vår utfordring til bransjen i desse konfirmasjonstider: Finn fornuftig anlegg til konfirmanten. Prisklasse inntil 10 000.

 


Av Arve Åheim 23.05.05

I hifimiljøet finn du fort ut at gruppa av menn i 40- og 50årsalderen er ganske sterkt representert. Dette pregar hififorretningane og vareutvalet der. Så vi tok ein liten spørjerunde for å finne ut korleis dei største, seriøse bransjeaktørane innrettar seg mot aldersgruppa som debuterer som hifi-brukarar. Dei fleste noverande lydentusiastar gjorde sine fyrste kjøp innan hobbyen med konfirmasjonspengane, og dette er nok tendensen også i dag. Utfordringa bransjen no får, er å sette saman eit anlegg i prisklasse inntil 10 000 kr med tanke på at dette skulle vere ut frå konfirmanten sine behov og ynskje.  Musikkbruken til denne aldersgruppa er ganske ulik måten dei 50-årige entusiastane brukar anlegga sine, og hififorretningane må tenke nøye gjennom kva dei skal tilby. Det handlar om å rekruttere dei som i neste omgang kanskje kjem til å prioritere eit flott stereo- eller heimekinoanlegg, dersom nettopp dette konfirmasjonsanlegget gjev dei blod på tann.

Eg var nøydd til å avgense artikkelen, og inviterte berre eit lite utval butikkar, sjølv om eg er klar over at mange satsar seriøst på å tilby kvalitet for unge kundar i dette segmentet. Om andre aktørar føler seg forbigådde, og sit med gode tilbod og gode framlegg til dei yngre entusiastane, kan dei ta kontakt, og eg vil oppdatere artikkelen med deira framlegg.

No er konfirmasjonssesongen starta, og her er resultata frå bransjen. NB! - fire aktørar signaliserer at dei ikkje har anlegg i denne prisklassen. Dette er stort sett små nisjeaktørar som opererer i dei høgare prisklassane der det sannsynlegvis ikkje vankar mykje ungdom. Likevel er dette ein tankevekkjar..

Eitt råd til ungdomen som har tenkt seg til hifibutikken med konfirmantpengane: Ta gjerne med ein vaksen, helst ein som har litt greie på handel og vandel, og gjerne lyd. Hugs at kronene dine er like mykje verd som dei vaksne kundane sine kroner. Det er naturleg at du som nybyrjar skal få ekstra god hjelp og rådgjeving frå personalet. Tenk ikkje berre på kva du får av utstyr for kronene, god service og oppfylging, og gode garantiordningar er noko du kan få bruk for.

Frå Stereofil:
Stereofil er ein relativt liten aktør, kjend for agenturet på ASR og for å distribuere Tannoy, men handlar også med mange produkt dei har god magekjensle på. Dei har mykje ungdom mellom kundane sine, og skulle såleis ha god peiling på kva som er mest aktuelt.

Stereofil sine eigne kommentarar:Systemet dei har sett saman består av komponentar med godt rykte. Det er nøytralt, slik at det eignar seg til alle musikktypar. Anlegget kan godt spele høgt, og eignar seg til det meste.

Marantz PM4400 (black/gold)          2.995,-
Marantz CD5400 (black/gold)          2.495,-
Tannoy Fusion 4 (Apple, Dark Oak) 4.995,-
Monster Cable M-Series M350i ,5m    549,-

Totalprisen vert altså 11 039, ein dryg tusenlapp over prisramma. Men du får eit sett svært gode høgtalarar til prisen. Eg har ikkje prøvd ut Fusion 4, men Tannoy sine rimelegare høgtalarar speler mesteparten av frekvensområdet på ein svært dynamisk og grei måte, og syner tydeleg slektskap til dei dyrare slektningane sine. Det er også eit stort pluss at dei har 5 års garnti. Eg har heller ikkje høyrt akkurat dei modellane av forsterkar og CD-spelar frå Marantz, men har gode erfaringar spesielt med CD-spelarane. Forsterkaren burde ha nok effekt til å gjere ein brukbar jobb med høgtalarane. Dei ulike fargane som kan velgjast er tradisjonell svart og Marantz sin ”gullfarge” som ser lekkert ut.  Rimeleg Monsterkabel er eit greitt val, og det er ingen grunn for konfirmanten å blakke seg på kabelluksus.

Mono
Importøren Mono har mange spennande agentur, og vi audiofile kjenner dei helst frå noko høgre prisklasse enn dette. Men dei har valt å gå for ein svært rimeleg løysing frå Onkyo som heiter CS-220, og berre kostar 3 995,- og inneheld både forsterkar, radio og CD-spelar som også spelar MP3-filer.

MONO sine eigne kommentarar:
Lydattgjevinga er forbausande bra, og mykje betre enn det mikroanlegg til vanleg kan klare. Det er også solide ting, som bør kunne vare i mange år, og vere stort nok til å klare seg bra også på ein mindre hybel.

Det fine er at eit slikt anlegg ikkje gjer større innhogg i økonomien enn at strekk til andre lydprodukt, som mp3-spelar, TV og x-boks. Men det er ikkje noko partyanlegg å snakke om.

Nebyhifi
Neby hi fi comsept har nokre av dei råaste agentura i landet, men er også kjent for å selje Tivoli-radioane, og vere ganske store i dei rimelegare prissegmenta. Herifrå satsast det på seriøs hifi også for konfirmantane. Som importør tilrår dei same CD-spelar frå Marantz som Stereofil. Dei har plukka rimelegaste Rotel-forsterkaren, og gått for eit av dei seriøse hi-fi-merka. Til sist har dei Audio Pro høgtalarar, som har fleire modellar som tek mål av seg til å vere introduksjon til hi-end til latterleg lav pris. Modellen Black Pearl er rett nok ein lettvektar som ikkje kan måle seg med Diamond-modellane, men det er ein spennande sak, som seinare også kan gå inn i eit seriøst surroundanlegg om det skulle verte aktuelt.

 

1 stk Marantz,      CD5400            2495,-


1 stk ROTEL,      RA01              3595,-




2 stk Audio Pro   Black Pearl v2      3495,-


Dette gir totalt 9585 og 415 kroner til kabel! Frå Neby hevdast det at anlegget vil låte bra på alt av musikk,har ein musikalsk spelestil med dynamikk som viktigaste parameter.





Hifiklubben

Er ein av dei verkeleg store hifi-kjedane, og kjenneteiknet er at dei sel utelukkande eigne produkt i eigne butikkar over heile landet. Dei kjem med to alternativ til konfirmantanlegg, ei rein stereoløysing og eitt surroundoppsett.

Det er ingen tvil om at stereo gjev mest for pengane. Likevel er surround svært populært mellom ungdomen saman med MP3 og iPOD.

Anlegg 1: Hi-Fi Klubben Classic!

NAD C320BEE

NADC521i

B&W DM602 S3

2x3 m QED Silver høyttalerkabel

QED QNX signalkabel

Total pris: 10.240,-

Dette er eit typisk Hi-Fi Klubben-anlegg, der målet er å gje god valuta for pengene. Høgtalaren er ein stor bokhyllevariant, ikkje større enn at det er plass på konfirmantrommet, men likevel stor nok til å gje brukbar bass og lydtrykk. Elektronikken er klassiske NAD-modellar, som begge har fått svært god testomtale, og som skal vere pålitelige, gode komponentar. Det hevdast at anlegget taklar de aller fleste musikksjangrar godt, og spelar dynamisk og "korrekt", på ein engasjerande måte.

Anlegg 2: Vert servert som Hi-Fi Klubben sitt gamle slagord ”surround- champagnelyd til øl- og pølsepris!”

Argon AVR3001+DVD2004 (DVD-spiller+receiver)

Gale Junior (4 stk Gale 3010S høgtalarar,

1 stk Gale 3050C senter,

1 stk Gale 3070W sub.

Bandridge PGK1000 kabelsett (alle nødvendige kabler)

Total pris: 8.784,-

Anlegget er finplukka for å gje så mykje kvalitetslyd som råd ut frå prisen, og må seiast å vere eit av dei aller rimelegaste anlegga på marknaden med såpass seriøse høgtalarar. Hi-Fi-Klubben hevdar at dette skal ha svært god byggekvalitet, og ha ordentleg lyd trass den låge prisen. Om hovudhøgtalarane skulle verke litt små, er det ingen problem å velje litt større i fronten, og oppnå betre samanheng i lyden, noko ein vil setje pris på i musikksamanheng.

Valet av rett anlegg vil nok variere. Lyd vert best på det fyrste, medan det andre gjev fridom til også å lage seg heimekino, om konfirmanten har ein TV på rommet. Her må behovet tenkjast nøye over.

HiFiCenterkjeden
Er den kjeden som profilerer seg kraftigast akkurat no, med anlegg i dei fleste prisklasser, både innan stereo og surround. Dei går for eit surroundanlegg med høgtalarar frå ein av dei verkeleg store og klassiske produsentane, JBL (rett nok ei ganske lita og rimeleg utgåve, om vi samanliknar med K2-surroundanlegg, som er aboslutt toppdivisjon både når det gjeld surround og stereo)

JBL Cinevision – SCS2005 surround høgtalarsett.

Harman/Kardon surroundreceiver

AVR130 DVD-spiller frå same merke DVD22

Totalpris: 7995,-

Høyttalerpakken inneheld 5 stk satelitthøgtalarar og aktiv sub med 8” bass.

Forsterkaren har 5 kanalar med 45 watt kvar, og ei solid straumforsyning på 25 Ampére, og burde vere kraftig nok til det meste, slik Harman Kardon brukar. Denne produsenten er kjent for å ha forsterkarar med sluggertendensar i bassen, noko som ganske sikkert vil ha stor appell i denne aldersgrupppa. Sjølv om wattstyrken ikkje verkar så mykje på papiret, har eg oftast vore positivt overraska når det gjeld kva lydtrykk HK klarar å få til.

DVD-spelaren kan også spele av MP3-filer, og fjernkontrollen kan programmerast, slik at andre apparat (t.d. TV) også kan brukast.

Det ligg også ved kablar i pakken, sjølv om kanskje subwooferkabelen og digitalkabelen med fordel kan oppgraderast. Men systemet er likevel fullt spelbart slik det leverast. Satelitthøgtarane inkluderar også veggfeste og bordstativ.

HiFiCenterkjeden fortel at dei anbefaler dette mellom anna til ungdom, fordi anlegget er allsidig, med eit moderne design og svært god lyd. Dei trur at mange i denne aldersgruppen vil få best utbytte av slike høgtalarar fordi de ofte har dei i små rom, der det ikkje er så mange alternative måtar å plassere anlegget på. Det vil gjerne også være mange som ynskjer å sjå filmar på PC, og da kan frontane lett settast opp saman med PC-monitoren og spele surround den vegen. Forsterkaren har selvfølgelig nok tilkoblingarfor både TV, DVD, PC, iPOD osb.

Mer info på www.harmankardon.com og www.jbl.com

Ljudia
Eit alternativ for den ambisiøse og fingernemme konfirmant er å kjøpe byggesett frå www.ljudia.no. Svært store og hissige høgtalarar kan realiserast for om lag 4500 kr, og desse spelar bass godt under 30 Hz med kraftig lydtrykk, 97 dB/W/m. Med ein solidt dimensjonert og pent brukt integrert forsterkar på godt 100w og ei anstendig signalkjelde, ei datamaskin eller ein CD-spelar, har ein alt som skal til for å halde diskotek. Dei mindre byggesetta opnar for at konfirmanten kan får råd til fleire kanalar, og for mindre plassbruk på rommet, men også for meir sløydarbeid....

Lyric
Her var det vel lite von om billeganlegg, tenkte eg då eg kontakta Lyric, men der tok eg feil. Dei rasande billege EPOS-høgtalarane er høgst aktuelle i prisklassen med både ELS 3 og 5 (dessutan ein liten sub til godt 5500 kroner), og kan godt koplast med både billege og dyre forsterkarar. Det kan la seg ordne pakkar med den aller rimelegaste Creek-forsterkaren, som vil funke svært greitt. Det luraste er å stikke innom butikken og sjå kva som kan vere aktuelt. Også brukt utstyr forhandlast, om konfirmanten våger seg i kast med noko sånt.

Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.