onsdag, 31 desember 2003 23:00

Mono AS - liten stab, stor omsetning!

Skrevet av

MONO A/S er ein av dei relativt små importørane av hifi her i landet. Små når det gjeld tilsette (Terje og Andreas), men det er ikkje noko smått over dei agentura dei fører.

 

 

Danske Ortofon er verdas største pickupprodusent, og har også det største produktspekteret når det gjeld pickupar. Kvaliteten på dei dyraste modellane har berre vorte betre og betre. Terje har vore norsk importør av Ortofon lenge, heilt sidan firmaet han var i heitte Ortofon Norge. Såleis er han ein av dei mest kompetente vinylpersonar i landet. MIT er ein av dei verkeleg seriøse hifikabel-produsentane. Dei held til i USA, og har lenge vore kjende for sin Shotgun, som lenge var kåra av The Absolute Sound til å vere den beste høgtalarkabelen som kunne kjøpast for (mange) pengar.

Shotgun finnest endå, men MIT driv også med spennande produktutvikling, noko som www.audiophile.no kjem attende til i ein artikkelserie om hifikablar ut over hausten og vinteren. (Terje er sjølvsagt invitert til å kommentere det vi skriv) Sveitsiske Thorens var kjent som verdas eldste platespelarprodusent, og naturleg å satse på for eit firma som hadde Ortofon-agenturet. Men rykte har fortalt at ting ikkje har vore så bra for Thorens i det siste.

Inntil det kjem klare meldingar derifrå, er det ikkje greitt å satse på dette merket. Mono har no fått agenturet på engelske Rega, kjent for sine platespelarar og kanskje særleg platespelararmar, som har ord på seg for å vere det mest kostnadseffektive på marknaden. Men Rega har utvida produktomfanget i stor grad, og har svært spennande alternativ til både CD-spelarar, høgtalarar og forsterkarutstyr. (Vi har fria om å få prøve ut dette på sidene våre…) Eg har ein mistanke om at Terje & co er gladast i Rotel-agenturet sitt. (Vi har ein omtale av ein Rotel-pakke på sidene) Rotel er eit seriøst merke i den rimelegare prisklassen, med lydkvalitet som ein bør oppleve før ein eventuelt satsar på dyrare ting. Rotel har eit stort produktspekter, og satsar no på fullt på mangekanalsanlegg.

Sonus Faber var ein sensasjon då dei kom, fantastiske høgtalarar i små, små kasser, med ein finish som får ærverdige engelske høgtalarprodusentar til å sjå primitive ut. Prisen på Sonus Faber var opprinneleg ganske høg, men med gunstig kronekurs og gledeleg prispolitikk har dette vorte langt meir fordøyeleg for folk flest. Nye høgtalararmodellar har dessutan vorte større (noko som etter mitt syn har forbetra lydkvaliteten) Cremona er den nyaste konstruksjonen, som Terje stolt syner fram, saman med MIT Shotgun høgtalarkabel. Ei anna "prisbombe" er Athena, eit kanadisk (iallfall i hovudsak, trur eg) firma som satsar på avanserte høgtalarkonstruksjonar til ikkje fullt så avanserte prisar. Eg har enno ikkje hatt høve til å prøve ut desse. Når det gjeld høgtalarar, har Mono også fått tak på det uhyre spennande agenturet frå tyske Manger.

Eigentleg burde vi ikkje seie "høgtalar", for patentet er svært annleis og spesielt, og er lovprisa langt opp i skyene av dei som har høyrt det. Eg gler meg til å få tak i dette…. Terje var travelt opptatt då eg var innom, og under ei telefonsamtale fekk eg auge på noko morosamt eg berre har sett ein gong tidlegare, ein godbit for vinyl-entusiastane: TANGENTIALARMEN Rabco ST 8 E. Denne var ikkje i orden, men ST 8 E var den fyrste pickuparmen som fungerte.


Designet er berre heilt herleg, tydeleg produsert i ei amerikansk garasje på midten av 70-talet. Forløparen for sveitsiske Goldmund, med ein vanvittig god lydkvalitet. Kjem høgt opp på lista mi over "stygge greier eg ikkje kan ha innandørs"(…..denne må eg få kjøpe når du har reparert han, Terje.) Monoer altså ein svært spennande hifi-grossist, seriøs og med stor kompetanse, men så må eg kommentere nettstaden www.mono.no  Ved nokre høve har eg diskré prøvd å nemne visse manglar ved desse for Terje og Anders. Men der er det viktigaste, nemleg linkar til produsentane dei har i stallen, og telefonnummera du brukar for å oppnå kontakt.

Lest 5512 ganger Sist redigert lørdag, 19 oktober 2013 06:54
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.