onsdag, 31 desember 2003 23:00

Rapport fra DVD og hjemmekino-messen Oslo Plaza

Skrevet av

Arve er tilbake etter en hektisk helg i Oslo. Her kommer den første av minst to rapporter..... audiophile.no er stolte over å kunne publisere den første rapporten fra messen!

 


Messa var supplert med ei ekstra messe, i samband med at Oslo HiFi Center fyller 20 år. (nei, dette er ikkje det same som hificenterkjeden. Her er deling mellom nokre merke som begge importerer, men det er to firma som ikkje heng særleg tettare saman enn andre aktørar i marknaden) I tillegg hadde dei fleste større hififorretningar i Oslo ekstra ope i samband med messa, så eg var innom Lyric hifi. Eg kjem attende til inntrykka frå desse i ein artikkel til.

Så til hovudmessa på Oslo Plaza: Hificenterkjeden hadde fylt opp fleire rom, med utruleg myke spennande. Eg fekk sjansen til å snakke med høgtalarkonstruktrørar frå Danmark.

 




Ole Klifoth - konstruktøren bak Audiovector

Ole Klifoth fortalde at han har både audiofil og musisk synsvinkel for sitt høgtalardesign. Den audiofile synsvinkelen er svært viktig, noko han understrekar med å legge stor vekt på tidsdomenet. Målet er faselineære høgtalarar, og timing er avgjerande for at lydattgjevinga skal vere korrekt. På mitt spørsmål om ein høgtalar må vere ”audiofil” og tilstrebe eit nøytralt og korrekt lytteinntrykk, seier Klifoth at slik nøytralitet gjer høgtalaren allsidig, og såleis gjer det muleg å lytte til alle musikkgenrar. Det vil vere uklokt å velje høgtalarar som ikkje er i stand til å spele alle typar musikk. Men likevel er den absolutte nøytralitet ikkje det viktigaste. Namnet på Audiovector sin toppmodell Arreté kjem av det greske ordet for entusiasme. Såleis er han her på linje med synet på at høgtalarar skal ha evna til å engasjere når det spelast, og ikkje berre måle korrekt.

Det er mange spennande detaljar rundt Audiovector. Ein viktig sak er det gjennomgåande røret bak diskantane. Dette gjer at frekvensavsnittet mellom 3 og 8 kHz kjem ut på baksida av høgtalarane. Andre konstruktørar har gjerne gjort noko liknande, ved t.d. bruk av ein eigen diskant på baksida. Klifoth seier at det er mykje betre å la same elementet gjere heile jobben. Diskant er noko han har i fokus, og det er gjort mykje spennande med dei fyrste ”superdiskantane” han fekk tak i, som spelar langt over det høyrbare frekvensområdet. Det var spennande å sjå kor mykje meir luft som kom over opptaka, men slik superdiskant fører gjerne til fleire problem enn kva dei løyser. Han føretrekk no elementa frå legendariske Heil. På toppmodellane brukar han ei spesialutgåve som Audiovector sjølv kvalitetskontrollerer.

Bassområdet er viktigast ned til ca. 40 Hz. Under dette tar rommet over så mange parametrar at det styrer lyden meir enn høgtalarkonstruksjonen. Å utvikle høgtalarar ved å gjere målingar i eit refleksjonslaust rom er håplaust når dei aller fleste vert brukte i vanlege bustadrom. 

Elles har han mange tankar om surrondlyd. Han meiner at bakhøgtalarar er mindre viktig, og at ein må prioritere senter- og hovudhøgtalarar, då det er her ein har fokus. Som musikkelskar har han spesiell sans for konsertopptak. Å kunne oppleve konsertar også gjennom synssansen, er ein ekstra rikdom.

Høgtalarar bør dessutan ikkje vere for tungdrivne. Då skjerpast krava til forsterkarane, og det er relativt enklare å løyse problemstillingar med å velje lettdrivne høgtalarkonstruksjonar. 



Audiovector Mi3 Advantgarde, som altså har Heil diskantelement. 
Her presentert saman med spennande elektronikk frå Hegel.

Om Audiovector sine høgtalarar, er det verd å merke seg Mi3, som kan oppgraderast frå standardutgåva til ca 14 000kr, via ”Super”, ”Signature” og ”Avantgarde” der den siste kostar knapt 38 000. Kvart oppgraderingstrinn skal ha tydelege forbetringar, og den siste har også superdiskantelement frå Heil – ein av dei aller beste formidlarane av høgfrekvens, som går heilt opp til over 50kHz. Eit diskantelement som kan starte på 3kHz og jobbe så høgt, går rett inn i debatten om kvaliteten til superdiskantane som spelar over det høyrbare området. Same diskantelement, men litt forfina, er brukt i toppmodellen Si6 Arreté. Denne vart demonstrert med Hegel sine toppmodellar, med eit glimrande totalresultat. Også Si6 har fleire oppgraderingsgrader, så du kan starte med ”Signature” til  58 000, bygge ut til ”Avantgarde” til 75 000, før du går til Arreté til gode 107 000. Det kan vere godt å ta slike investeringar etappevis! Visst medfører dette ein ekstra kostnad, men du slepp balet med å selje unna dine gamle høgtalarar. Faktisk er det over 15% Audiovector-eigarar som gjev seg i kast med oppgradering.

Si6 Arreté er ein glimrande høgtalar. Sjølv om demoromma ikkje byr på dei beste føresetnadane, er det tydeleg at her er ein høgtalar med svært høge kvalitetar. Spennande var det å høyre om erfaringane som er gjort med å bruke berre tre festepunkt, medan dei tre andre skruehola berre har gummidempingar i staden for skruar. Dette har ført til alvorleg forbetring av lyden, som har vore samanlikna med endringar i delefilteret.

Elles har Audiovector god suksess med sine surroundhøgtalarar, og den rimelege CX til 3995/paret er ein svært grei sak som kan hengast direkte på vegg, medan diskanten kan tilpassast ulik bruk.

Hifiklubben sin andre danske høgtalarkonstruktør Ole Witthøft frå System Audio har no produsert høgtalarar i 20 år, og er meir aktiv enn nokon gong. Han starta i 1984 etter å ha spelt i band, og fått sjansen til å gjere ei studioinnspeling. Då han kom heim att, spelte han opptaket på eit godt stereoanlegg. Han vart forbausa og skuffa over det han høyrte – han hadde høyrt og opplevd kva som skjedde i studioet, og visste kva som var tatt opp. Men no kunne han ikkje høyre dette skikkeleg. Han gjorde då det einaste logiske som ein sint, ung mann kunne: starta å utvikle høgtalarar som kunne klare å gjenskape dette. Han har ikkje teknisk utdanning, men er ein nyfiken natur, og kompenserar såleis dette. Elles kjøper han den kompetansen han sjølv manglar frå eit dusin ingeniørar, som arbeider med ulike parametrar i nye høgtalarprosjekt. 



Ole Witthøft, idet han blunkar........den utsende medarbeidar 
frå Audiophile skulle brukt fotoapparatet oftare..

Alle høgtalarane frå System Audio har identiske ideal, men er sjølvsagt tilpassa ulike ambisjons- og prioriteringsnivå. Ole seier at det er uhyre viktig med høgtalarar som er i stand til å spele alle musikksjangrar. Eit høgtalarsett skal kanskje vere kjelde til opplevingar for deg og din familie i 5 –10 eller 15 år. På denne tida vil det vere rart om du og borna dine ikkje utviklar musikksmaken. Kan ein då ta sjansen på å kjøpe billege høgtalarar som ikkje er i stand til å reprodusere musikalske opplevingar skikkeleg? Snakk om å kjøpe seg handikap!  



Flott lydleg match - Martin Logan elektrostathybridar saman med Copland elektronikk.

På standen til den nye butikken Lyd og Bilde fekk eg høyre Copland sin integrerte forsterkar med ny CD-spelar over Martin Logan sine minste hybridhøgtalarar. Dette er ein svært musikalsk og på alle andre måtar god kombinasjon, om vi ser bort frå akkurat i djupbass. Men eit anna anlegg frå Audiopax var også til stades i det same rommet. Akustikken var langt frå ideell, noko som Martin Logan/Copland-oppsettet tydleg var prega av, men heldigvis var eg der på slutten av dagen. Det vart difor råd å lytte til min heimebrende krevjande messe-CD. Her har eg rikeleg med ondskapsfulle opptak som stort sett kan få alle hifiseljarar til å gråte. 



Noko av den beste lyden på messa kom frå Audiopax sitt komplette system. 
Rør utgangsforsterkar med mystiske innstillingsratt, transistorforforsterkar, og ei 
ganske ordinær signalkjelde. Korleis får dei det til?


Frå fyrste låt vart det tydeleg at Audiopax var noko spesielt. I tillegg til at anlegget hadde glimrande kvalitetar som analysereiskap, kunne det også by på ekstraordinært god formidling av musikkglede. Å spele Jan Johansson ”Jazz på svenska” både naturleg og med engasjement, stiller urimelege krav, og eg har eigentleg aldri vore skikkeleg fornøgd med dette på meir enn eitt eller to anlegg, og då alltid med eitt eller anna lydleg kompromiss på andre låtar. Her går det altså svært bra, og den europeiske agenten Elliot Davis hevdar at ein også kan spele Beatles sine opptak (som ikkje er særleg gode sett ut frå synsstaden til oss som er opptekne av lydkvalitet) med godt resultat.

Oppsettet består av høgtalarar i to kabinett; eitt kabinett som var plassert på toppen av basskabinettet. Vidare single-ended, rørbaserte monoeffektforsterkarar, med eige, mystisk ”timbre lock”. Kva som ligg i dette, er ganske hemmeleg, men det er iallfall tydeleg at anlegget verkar. Til sist har vi ein transistorbasert forforsterkar, omtala i Fidelity av Knut Vadseth, som tydeleg var overbegeistra. Å beskrive lyden slik det var rigga opp, er ikkje vits, då agenten sa at her berre var forløyst 60-70% av potensialet i anlegget. Likevel var det definitivt ein av dei beste messelydane eg fekk med meg. Eg er svært nyfiken på i kva grad denne gromlyden skuldast timbre lock, eller god samstemming av utstyr i høg klasse. Iallfall må det gjerast eit besøk hos Norsk Lyd & Bilde med det fyrste.... 



Meir moro enn realistisk musikkreproduksjon? No kan også fullstendig 
musikkuintereserte ha grunnlag for å prioritere anlegget.... Sjølv skulle eg 
køyre bil 600 km etter messa, så eg tok ikkje plass i stolen, men dei som gjorde det, 
hadde tydelegvis skikkeleg moro!

Hifiklubben hadde standen med høgast morofaktor. Full pakke frå Cervin-Vega var rigga opp saman med stor plasmaskjerm og dataspel. Slett ikkje realistisk lyd, men du verda kor moro! Dette synleggjer at lyd-og-bilde-pubilkum ikkje berre er to kanals-audiofundamentalistar. Alle produkt har sitt potensiale – utfordringa er å finne rett produkt i rett setting til rett pris….. 



Men her har vi eit anlegg der dei lydlege kvalitetane vanskeleg kan kritiserast

Hifiklubben kunne saktens by på realisme og oppløysing i stor grad. Med dei nye Classé-forsterkarane over B&W, var det lite å sette fingeren på for sjølv dei mest blaserte. Vi reknar med å komme attende til Classé om ikkje så lenge.... 



Eit slikt anlegg er midt i blinken for dei som ikkje bryr seg om hifi, men berre om musikk. JBL K2 er ein av dei mest engasjerande høgtalarane som kan kjøpast for pengar (men du treng altså tohundreogfemti tusenlappar), særleg når McIntosh sin legendariske røreffektforsterkar driv dei. Dette var den andre apiranten til beste messelyd (spesielt siste dagen)

Neby hadde mange spennande produkt. For to-kanalsentusiastane var det ei oppleving å høyre JBL K2. Desse høgtalarlegendene vart brukte saman med forsterkarkombinasjonen C46 preamp og den kanskje mest legendariske av alle forsterkarar MC 275, basert på rør. Har du eit slikt anlegg, treng du ikkje tenkje meir på stereo – reproduksjonselementet forsvinn, og du kan konsentrere deg om musikkopplevinga. Om du samanliknar resultata i ”hifi-idrettane” eitt for eitt, kan du med mykje leiting kanskje finne noko betre - det vert berre så uinteressant når du kan kose deg slik med musikken som du gjer her… 



Design som eit ekkolodd frå Simrad, men så absolutt sjarmerande utsjånad. 
Og kanskje det aller mest solide innan amerikansk forsterkarkonstruksjon!





Dei færraste har vel musklar til noko meir brutalt enn 1200-wattarane frå Mcintosh?
Det er vel grunn til å tru at vi snakkar om ekte watt.....

Langs eine veggen i demorommet var McIntosh-familien stilt opp til parade. Alt frå dei brutale 1200-watts monoblokkene 1201 (vekt 67 kg, pris 89 000 pr stk) via C2200 rør forforsterkar ned til den minste (men ikkje akkurat audmjuke, den heller) MA 6500 integrerte forsterkar som berre veg 19 kg og ikkje kostar meir enn 35 500. Men så leverer han då ikkje meir enn 2x120 watt i 8 Ohm...  (men vi kan då rekne med at det snakkast  om ekte watt, tenkjer eg…

Det mest spennande forsterkeriet frå Neby var likevel Marantz sitt nye to-kanals anlegg SA 11 og PM 11. Ein to-kanals integrert forsterkar med tilhøyrande to-kanals spelar som greidde dei fleste format. 



Kan det bli vakrare?

Og ikkje nok med det: Marantz har også fått Clearaudio til å lage ein vinylspelar for seg. Dyrare enn sin eigen tilsvarande modell, men kanskje vakrare? Settet var tydelegvis ein uvanleg kraftig publikumsmagnet - talet på besøkjande 40/50-åringar verka uvanleg stort.

Neby har også spennande høgtalarar, og Audio Pro frå Sverige var representert med fleire interessante modellar. Versjon 2 av Black Diamond har eg no til utprøving, og desse pianolakkerte, elegante høgtalarane til like under 6000 kr for paret, er kanskje dei rimelegaste innan forsiktig high-end aspirasjonsnivå, både med og utan Ace 2 subwoofer. Blue Diamond slepp slikt – desse høgtalarane har aktiv subwoofer innebygd.        






Med og utan aktiv bass   Qube - nok ein lur, svensk konstruksjon.

Endå meir morosam var dei små Qube – ein superenkel sak som ligg i beste Sonab/Carlsson-tradisjon: plasserte på golvet, gjerne opp i mot bakvegg, kan dei levere nydeleg, musikalsk lyd med god romoppleving. Nei, du vert ikkje imponert av detaljrikdom og frekvensekstremane (iallfall ikkje i messe-samanheng), men du verda kor sjarmerande dei er!

Til demonstrasjon vart RA 1062 og CD-spelaren RCD 1072 frå Rotel brukt. Settet harmonerar godt, og spesielt denne vesle spelaren til knapt 7000 kr har gjort det vanskeleg for meg å tilrå innkjøp av dyrare spelarar. Du må bruke alvorleg mykje meir pengar for å få tydeleg betre lyd. 



Tydelegvis er Rotel eit satsingsområde for Neby hifi..

Hificenterkjeden hadde nok flottaste biletproduksjonen på messa, men brukte då også ein prosjektør til 270 000. Elles er det tydeleg at prosjektørar er like populært som plasma. Du får ein total kinooppleving, og det vi såg i Hificenterkjeden sitt største demorom, syner at potensialet for heimekino snart er betre enn det du kan få på kino. Ekstrem oppløysing, kraftig lysstyrke og ein lydkvalitet som krev at du optimaliserer ting betre enn i kinosalen.

Sony synte fram sin nye prosjektør, og mange skjermar. Elles er det tydeleg at dei arbeider med å få best mogleg komplette anlegg, der både krav om god heimekino/surround og krava om god hifi-lyd skal stettast av same anlegg.  



Sony sitt surroundoppsett var ganske tungt, og dei nye høgtalarane ser iallfall når det gjeld utsjånad ut til å vere innretta mot europeisk smak. Vi får komme attende til andre kvalitetar seinare...


Beste LCD-skjerm eg kunne sjå, var dei nyaste frå JVC. At dette ikkje var plasma, tok det ei stund før eg forstod…….  



Dyre, men svært skikkelege LCD-skjermar frå JVC. Finnest i tre ulike storleikar. 
Dei kjem ganske snart til butikkane....


Elles hadde JVC det spennande settet med trehøgtalarar, no med eigen, tilpassa subwoofer, som eg ikkje hadde tilgang på då eg prøvde ut settet (omtalen av dette skal berre redigerast litt). Det er grunn til å tru at ting fungerer betre med ein godt tilpassa subwoofer. 



Ein sub er påkreva om du stiller seriøse krav til trehøgtalarane dine. Denne fekk eg ikkje sjansen til å prøve ut i denne omgang. Dette spennande produktet med høgtalarar som har membranar av tre, er langt frå fullkome, men absolutt spennande. "Dummien" som er plassert på toppen lot oss få ei aning om kor stivt og lett trefineren var, og det må vere eit svært aktuelt materiale for større konstruksjonar. Vi får håpe dei kjem om ikkje så lenge....

Endå større interesse har nok dei nye "spelarane" som kan gjere både VHS- DVD-og harddiskopptak. Produktet er det einaste rette for den som har mange filmar på VHS, og ynskjer å spele over desse. Det beste er at prisen slett ikkje er avskrekkande. 



Drøymeopptakar med harddisk, VHS og DVD. Her kan du spele over alle dine gamle filmar til DVD, og dessutan lage VHS-utgåver til slekt og venner som stadig held seg til det gamle formatet. Smart!

Ein annan modell har DV i staden for VHS, slik at familiefilmane kan redigerast rett på DVD-plata også frå nye opptakarar. Elles kjem JVD med spennande forsterkarprodukt, RX ES 1 har smartoppsett og digital forsterkar, og kostar relativt lite. Framtida ser lys ut, og vi kjem sikkert attende til desse produkta....

Hitachi hadde store, svært gode plasmaskjermar. Du må ut med 70 000 for å få den største. Men kvaliteten er glimrande! 



Her gjeld det å vere snill, slik at nissen kjem med Hitachi til jul....

Pioneer imponerte også med plasmaskjermane sine, som har svært godt rykte. Men eg la også merke til at det tydelegvis utviklast spennande høgtalarar med eit andre klangideal enn det vi tidlegare fekk frå japanske produsentar. Utstillingsanlegget var slett ikkje så verst, sjølv for ein gammal tokanalsfundamentalist. Pioneer jobbar tydelegvis bra for tida!  



Plasmaskjermane til Pioneer er kjende for kvaliteten sin, men no kan det sjå ut som det endeleg vert høgtalarar som kan passe kvalitetsmessig. Dette må prøvast ut.... 



Yamaha stilte ut MusicCast-systemet sitt, som vi har prøvd ut i www.audiophile.no. På messa synte dei litt fleire innbyggingsalternativ, som gjer dette meir fleksibelt. Elles har Yamaha spennande surroundreceiverar, og syner også interesse for å utvikle høgtalarar som passar til europeiske klangideal. 

Linn demonstrerte surroundutstyr, og andre spennande produkt. Eg vart ganske nyfiken på Unidisk-spelarane som visstnok skal ta alle format. 



Denne spelar alt!



AudioAktøren har fått med Holfi, og syner både dei imponerande høgtalarane og elektronikken, som i år er supplert med ein 250W forsterkar med batteridrift.  



Flotte komponentar frå danske Holfi!



Terje hadde med seg Holfi sine høgtalarar. Desse har eg fått demonstrert heime hos 
Terje, med utruleg flott lydkvalitet på så å seie alle måtar.


Men Audioaktør-Terje hadde også utstilt platespelar og rørforsterkarar, som vi veit han har stor sans for. Dette med Holfi og batteridrift høyrest kanskje ut som ein gimmick, men faktisk fungerer utstyret svært godt. Under nøye utprøving under ein test attende på 90-talet, fekk eg prøve fordelane med slike straumforsyningar. Eg kan berre slutte meg til rekkene av begeistra musikklyttarar.

Holfi har no fått ein spennande konkurrent når det gjeld batteridrivne forsterkarar. AFS er svært interessanne, og byr visstnok på forrykande kvalitet. Og det vesle vi kunne høyre frå messedemonstrasjonen, verkar lovande. 





11) Mannen bak AFS – Audiosystems Friderich Schaefer – stilte ut saman med Tannoy. Forsterkarteknologien baserer seg på batteridrift, og Schaefer har lukkast med å få fram skikkeleg dynamikk på dette utstyret.   





 

Forsterkaren frå ASF vert ikkje rettferdiggjort av blitzbildet - du får ikkje med juletreeffekten av blå lysdioder (potensielt terrormål for "foreningen mot blå lysdioder"?) Men ein bygge- og komponentkvalitet som verkar svært lovande. Og lyden som kom ut av Tannoy sine prestisjemodellar til ca 90 000 var overveldande, og den tredje kandidaten til prisen for "messas beste lyd". Dette vil vi sjå nærare på!!

Det var mykje anna på messa, og eg konsentrerte meg om to-kanalslyd. På same tid gjekk parallellmessa til Oslo HiFiCenter m.fl for seg på Vika konferansesenter. Eg kjem tilbake til inntrykka derifrå i ein seinare artikkel!

Lest 9141 ganger Sist redigert mandag, 18 januar 2010 13:03
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.