onsdag, 31 desember 2003 23:00

Audioaktøren - personlig betjening

Skrevet av

Rundt omkring i dette landet sit mange audio-entusiastar Ein del av desse har forsøkt å gjere hobbyen sin til levebrød, eller iallfall ei omfattande attåt-næring. Så har dei skapt einmannsbedrifter, registrert seg i foretaksregisteret og sikra seg agentur av ymse interessante varemerke

 


Ein av desse er Terje Nilsen som driv AudioAktøren i Horten. Han har anna levebrød, men har i mange år hatt agenturet av danske Holfi, og i tillegg vore forhandlar av mange eksotiske audioprodukt. I tillegg må det nemnast at han er svært kompetent til å gjere service, modifikasjonar og anna oppfylging av kundane sine. Det er vel gjerne difor han framleis er i bransjen? Eg fekk sjansen til å stikke innom han i sommar, og han stoppa umiddelbart ferieaktiviteten sin (husmaling)…


Hjartebarnet til Terje er heilt klart Holfi, som han er importør av. Eg har fått prøve fleire av desse danske produkta tidlegare, og må seie at dette er definitivt hifi-formel 1. Desse transistorkonstruksjonane har ein svært organisk utsjånad; dei fleste produkta har frontar laga i tre. Men viktigare for lyden er nok det spesielle Holfi konseptet med batteridrift. Holfi-forsterkarane og DAC har/hadde ein ekstremt gjennomsiktig lyd, kanskje det næraste du kjem rørlyd utan å ta skrittet heilt ut. Men det er nok tvilsamt om dette skuldast batteridrifta åleine. Men presisjonen og dynamikken i dette anlegget er så godt at du burde oppleve det. Nøytralitet og detaljrikdom er betre enn det aller meste eg har høyrt, utan at du mister eit fnugg av musikalitet. Eg kan ikkje komme på noko betre, og som gammal rør-elskar må eg også påpeike at du skal bruke mykje pengar for å få eit røranlegg med tilsvarande klangnøytralitet som Holfi sine topprodukt).

Til høgre: Forforsterkaren NB 1 i signaturutgåve. Ein glimrande sak, som også inneheld ein god phonodel. (diverre var platespelaren utleigd då eg var der. Terje er vinylentusiast, sjølvsagt)Holfi er prismessig i det vi reknar for å vere i elitedivisjonen, men det er også lydkvaliteten. Holfi er eit varemerke som er relativt sjeldan å sjå, kvalitetsmessig burde det vere meir utbreidd….


Øverst: Ein rimeleg forsterkar frå Harmony Design. Svært mykje lyd for pengane, etter det Terje seier.

Nederst: Holfi sin tuner, også med batteridrift, sjølvsagt…

Terje har også Holfi sitt høgtalarsett, men utan oppkobla subwooferar då eg besøkte han.

Sub-settet (to stk høyrer til, og vert levert med eigen effektforsterkar) er like høgt som hovudhøgtalarane. Desse greidde seg svært godt også utan sub. Dei kunne spele så høgt som eg brydde meg om, men var likevel i stand til å løyse opp detaljane i musikken ved lave lydnivå. Perspektiv og klang var utruleg bra. Det einaste eg kunne sette fingeren på var noko med utklinginga i toppen av frekvensområdet. Terje sa at med sub vart ikkje berre bassen djupare, men formidlinga av rom vart mykje betre. Romoppleving var elles ein av dei idrettane der Holfi-anlegget gjorde det svært godt.  I det heile er dette anlegget heilt klart eitt av dei aller beste eg har erfart, men så har då også Terje arbeidd med Holfi svært lenge, og kjenner komponentane godt. Berre synd at vi ikkje fekk høve til å prøve analogdelen…

Ser du nøye på biletet, kan du sjå Holfi høgtalarbein. Dette er gummiputer, som www.audiophile.no har fått til utprøving. 

Utstillingsanlegget, plassert i eit design-stereomøbel der AudioAktøren har agenturet.

Eit komplett Holfi-anlegg (høgtalarar + forsterkarsett) kjem beklagelegvis opp i 200 000 kr – når vi ikkje tek med CD-spelar eller anna programkjelde.

Den minste Holfi-forsterkaren er til drift av subwooferane.

Dei blå kablane er dei bergenske Renaissance Audio. AudioAktøren har ikkje noko eigen anbefalt kabel, men meiner å ha sikra kabel som feilkjelde med desse.

Ein interessant CD-spelar frå polske Ancient Audio. Pris om lag 30 000, som kan variere noko etter utstyr.

På denne spelaren i sett opp i Holfi-anlegget kunne det tydeleg høyrast skilnad på bruk av STATMAT – ei matte som plasserast oppå CD-en under avspeling. Eg fekk med ei slik matte til utprøving frå AudioAktøren, men fekk langt mindre skilnad ved bruken av denne heime. www.audiophile.no sine skribentar kjem til å prøve denne ut no framover, og vil rapportere kva dei høyrer………. 

Er ikkje dette vakkert? Ein integrert rørforsterkar frå franske Audio Aero, basert på EL 34 utgangsrør. Akkurat slik skal ein forsterkar sjå ut, om du spør meg!

AudioAktøren er også forhandlar av Wilson Benesch (dei med platespelarane – dei lagar også høgtalarar), BKS hybridhøgtalarar, KORA elektronikk (mellom anna kjent for rimelege rørkonstruksjonar), Clearaudio (pickupar, tangentialarmar og platespelarar. Importør her er visst i endring…)

Den mystiske STATMAT er ein elektrisk leiande polypropylenduk, 0,03 mm tjukk og 0,3 gram tung. På AudioAktøren-anlegget var det tydeleg forbetring av lyden då denne vart brukt på Knut Reiersrud ”Tramp” fyrste kutt. Her kom skilnaden mellom kvart tramp mykje tydlegare fram.  Ikkje den heilt store, revolusjonerande skilnaden, men likevel, ein billeg tweak av anlegget.

Men då eg prøvde Statmat heime, var skilnaden mindre. Kvifor? Og skuldast verknaden statisk elektrisitet på CD-plata? Dette er mystisk, og Statmat vil verte prøvd nærare ut og omtala i ein eigen artikkel her på www.audiophile.no Statmat koster 495,-


Prisane på det omtala utstyret er elles slik:

 

  • Rørforsterkaren frå Audio Aero kostar 45 000 kr som integrert forsterkar. Det finnest også ein identisk sak til 40 000 kr, utan forforsterkardel.
  • Holfi pre kostar 39 995 kr (fælt med ni-tal, tykkjer eg..)
  • Holfi effekt kostar 71 995 kr, inkludert PAPU batteripakke. Utgåva som vart demonstrert kjem no i forbetra utgåve til same pris.
  • Tuneren frå Holfi kostar 10 995 kr, med batteristraumforstyning
  • Subwoofer-settet kostar 45 000, inkludert eige delefilter/forsterkar
  • Høgtalarane kostar 100 000

Lista over produkt/modifikasjonssett er for lang til at vi kan nemne alt, men her er mykje eksotisk, som du ikkje finn i mange butikkar. Rør og analog er sterkt representert. Slike produkt krev god oppfylging, noko Terje satsar på.

Elles har Terje ei rimeleg nykter oppfatning av lyd. Høyrer ein skilnad, er det skilnad. Høyrer du det ikkje, er det ingenting å bry seg med. Og utover dette er han ein typisk entusiast.

Det vart mykje prat og lytting til utstyr, men til sist måtte vi reise, og Terje attende til husmalinga. Men etter dette besøket er det lett å forstå Terje si undring over at Holfi-utstyret ikkje er meir utbreidd her i landet....

Red. kommenterer: Audioaktøren er positivt innstilt til hjemlån av utstyr, kan ordne med alternative betalingsformer og garanterer personlig service. Så bare ta kontakt! Besøk websidene til AudioAktøren.

Lest 15325 ganger Sist redigert lørdag, 19 oktober 2013 07:00
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.