onsdag, 31 desember 2003 23:00

Audio Design - den hemmelige butikken..

Skrevet av

Det vert sagt at det minkar med spesialforretningar i Bergen, sjølv om landets nest største by kanskje har fleire tungt råka audiofile pr innbyggjar enn det du finn elles i landet. Iallfall krevjast det lokalkunnskap for å finne fram til dei spennande plassane.

 

 

 

Audio Design skulle ha ei lettvint adresse å finne fram til, Strandgaten er viktigaste handlegata i byen, men inngangen er frå Chrtian Michelsens gate... Etter ein del leiting, finn du ein ørliten butikk som du går inn i, men snur når du kikar inn. Her er det hovudsakleg mobiltelefonar og denslags som omsetjast . Studerer du butikken frå gata, oppdagar du eit skilt med AUDIO DESIGN audmjukt plassert på veggen, så du kikar inn ein gong til. Og då kan du kanskje sjå trappa som er gøymd lengst inne i butikken. Etter å ha treffe hjelpsame mobiltelefonseljarar som spør deg om du leitar etter toalettet el.l, får du kanskje auge på Roald Mikkelsen, ein av dei verkelege hifi-entusiastane her i landet. Han er no mest kjend for Renaissance Audio oljefylte høgtalar- og signalkablar, men er også ein forretningsveteran. For om lag 20 år sidan starta han entusiastbutikken RM Audio, og sjølv om denne er avvikla, er nettverket framleis oppegåande. Og det dukkar stadig opp audiofile råskinn nede i kjellaren hos Audio Design. Folk med peiling og sterke behov: Studioarbeidarar, verdsberømte pianistar og ein god del av lydentusiastane på Vestlandet.



Roald har nemleg sterk dragning mot produkt som er verkeleg gode, og fyller like gjerne butikken med ting han har sansen for i staden for bestemte merkevarer han tener pengar på. Han er ein av dei få som kan med rør og vinyl, og er svært oppdatert, både kunnskapsmessig og utvalsmessig i butikken. Han har ein visjon om å ha tilgang på tre anlegg med basis på dei tre høgtalarprinsippa: elektrostatar, konvensjonelle høgtalarar og bandhøgtalarar. Særleg når det gjeld det siste har han kome langt. Han har skaffa seg eit sett av Dali Grand, (dei som er 2,35 meter høge, og kostar rundt 200 000 kr, ja) og er forhandlar av dei danske BKS bandhybridane. Modellen "Aramis" stod på gangen, og "Athos" (frå kva kjent fransk romanklassikar har produsenten henta namna? "Porthos" er også ein modell....) var oppstilt då eg kom i butikken, men endå ikkje innspelt. Likevel var det ikkje vanskeleg å høyre at dette var ein uhyre vellukka konstruksjon. Ekstrem detaljrikdom, fantastisk romformidling og tydelegvis stort dynamisk potensiale. Pris ca 45 000, absolutt ingen upris. Låg kilopris, då sidene av høgtalarane var i stein (!), men likevel ein langt enklare sak å stille opp og bruke i heimen enn Dali Grand. Roald hadde også modifisert høgtalaren med intern kabling frå eigen produksjon. Elles var butikken fylt opp utelukkande med slike ting eg umiddelbart ville be om å få på heimlån - problemet var å bestemme seg…. Eg fekk lytte på masse ukjent utstyr, og rommet var også heilt ukjent, så grunnlaget var for dårleg til at eg vågar å uttale meg om lydkvaliteten. Men her var mykje gøy, mykje utstyr med potensiale, og svært få ting i rommet gjekk an å forholde seg likegyldig til.

Roald lovte også på litt sikt eit besøk på kabelfabrikken sin, og kablar til utprøving. Det gler eg meg til. Audio Design har ikkje heimesider, sjølv om det dukkar opp mykje rart når du brukar dette til søkjeord på webben. Skal du ha hjelp frå Roald, er det lettast å dukke opp i butikken, eller prøve tlf 45227819

Audiophile

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.