onsdag, 28 oktober 2026 19:38

Folkemusikkfestivalen Osafestivalen 2026 på Voss, 22. - 25. oktober - Alt mellom jazz og joik Spesial

Skrevet av

Festivalen tjuvstarta alt torsdag, kl. 6 fekk eg pressekortet mitt og armband på kontoret på Ole Bull Akademiet, og halv 7 var eg i køen på den nystarta siderbaren i Storstova, som er open festivalen ut. Alltid noko knytt frå Osa! Sideren var frå Jaastad i Hardanger, same staden der ein felespelar for kring 300 år sidan sat og såg utetter fjorden, og lurte på kva som ville henda om han monterte understrengjer på fiolinen sin. Der og då vart hardingfela skapt, og resten er historie (teaterstykkjet Felemakaren, seint sundag kveld).

Men lat oss gå rett på sak. Fleire detaljer om denne årlege folkemusikkfestivalen finn du i reportasjen frå i fjor, forfjor osb, og på nettet elles.  

Fredagen dagtid haka eg av Arvvas kl. 15.30 i Osasalen, og Rigla kl 17.00, i Ungdomshallen midt i sentrum. 

Arvvas

Arvvas er Sara Marielle Gaup med vokal og joik, og Steinar Raknes vokal og bass. I ei "parallell fortid" turnerte Steinar med joikaren Inga Jusso, men ho er diverre ikkje mellom oss lenger, og me vart fortald at Steinar og Sara spelte i gravferda hennar. Inga og Steinar spelte på Voss og, eg var til stades. Eg ville difor ikkje for nokon pris gå glipp av konserten i år, for denne kombinasjonen av joik og Steinar sitt kreative bass-spel ville eg oppleva på ny. Få kan som Steinar spela ein melodi på bassgitaren, uansett sjanger. Det vert som eit eige instrument, og det er det jo, men like mykje eit soloinstrument som ein bassgitar som berre  held rytmen. Og når Steinar i tillegg syng, noko bassistar sjeldan gjer, er det to instrument. Om du forstår.

Med oppfinnsamt spel og “showmanship” heile vegen skiftande frå joik til americana og attende, vart dette aldri keisamt. Meisterleg. Arvvas gav ut albumet Das Dal i 2022, sjekk det ut. 

Rigla

Rigla hugsar eg ikkje like godt, men det skuldast ikkje at eg ikkje likte det eller kosa meg, for det hugsar eg at eg verkeleg gjorde. Notisboka er full av superlativ, og saksofon gav låtane innimellom eit jazzete preg. Dei gav ut albumet “Sendebud fra sandkassa" sumaren 2026. Sjekk det ut! Det skal i alle fall eg, når eg berre er ferdig å skriva. Det er slik ein festival skal fungera: gjera deg kjend med nye artistar. 

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery opna festivalen kl. 18.30 i Voss Idrettshall, der kveldskonsertane gjekk føre seg med artistane som trekkjer mykje folk. Men desse formalitetane hoppar me sportsleg over og vender attende til artistane. 

ULD

I idrottshallen kl 22.30 spelte ULD, ei gruppe du skal merka deg. 3 unge damer med spake stemmer er i utgangspunktet ikkje det mest spanande eg kan tenkja meg, men med piano, trekkspel, trommer, kontrabass og trompet vart dette alt anna. Dei trollbatt publikum med alt frå saktegåande intense låtar til friskare parti. Gode låtar og gode tekstar, og med mikrotonalitet som berre vokalistar med bakgrunn i folkemusikk meistrar. Ein varleg trompet i bakgrunnen fylte ut lydbiletet og skapte ein nesten hypnotiserande effekt. Uhyre smakfullt.  

Dei har so langt gjeve ut “fra en annan virkelighet” i 2024, og ULD og Det Nye Norske Storband, Live fra Oslo Konserthus, ei perfekt gryte av folkemusikk, alternativ pop og jazz. Hald ut spor 1, spel 2 og 3, det byggjer seg opp til ein perfekt storm i spor 4, og ebber ut med salmen "bli hos meg". Pust ut.  

 

Gabba

Laurdagen baud på utruleg mykje musikk frå ei rekkje ulike konsertscener, men eg konsentrerte meg om Gabba i idrottshallen 21.45. Då var eg heilt vakjen. Joikaren John Andre Eira vart leia fram til mikrofonen, tydeleg svaksynt, men med ein utsøkt sans for humor. Han spøkte med samisk slektsforståing, som ikkje alltid hadde like mykje med realitetane å gjera, og me lo godt, og han med. Med ikkje mindre enn 9 musikarar på scena fletta dei saman alt frå joik og norsk folkemusikk til americana og afrikanske rytmar. Alt i fyrste låten fekk me påspandert ein trommesolo, og sidan gjekk det ikkje betre. Ein fantastisk konsert som eg vil hugsa ei stund. 

Eg fann to album av dei på Apple Music, Smestania (2025), og Gabba (2022). Dei ligg klar til avspeiling i morgon. Kollega Karl Erik har skrive om begge albuma da de vart utgitt – sjå link.

Kirkwall City Pipe Band

-Det er so stille her, seier Maureen. -Eg trur ikkje de er klar over kor heldige de er. Ho bur på Orknøyane, midt ute i Atlanterhavet rett nord for Skottland, der vintrane sjeldan er under null, og somrane 10 til maksimalt 15 grader. Og det bles ein vind heile tida. Eg traff Maureen etter konserten med Kirkwall City Pipe Band, ho stod ved utgangen og hang, og forklarte at ho var ei av fleire “wags”, som var her for å passa på karane sine. Ho fortel ivrig om det tette tilhøvet ho kjenner til oss, “the Norse”, og kan alt om soga og tilknytinga dei har hatt til Noreg, Danmark og no Storbritannia/Skottland. Flagget deira er det same som det norske, berre at det kvite er bytt ut med gult (godkjend som nasjonalflagg i 2007), og språket er sterkt påverka av norrønt. 

Å invitera eit sekkepipeorkester er ein so god ide at eg ikkje eingong kom på han sjølv. Venene mine gjer narr av meg, for det er so mange instrument eg ikkje likar, men elskar sekkepipe, noko dei færraste ser ut til å utstå. Og er ivrig tilhengjar av det årlege Edinburgh Military Tatoo. Eg vart kjend med pipeblåsar Colin i pisserenna på Skrot Bar fredagen, han fortalde at dei skulle masjera gjennom Vangsgata i morgon klokka to. Etterpå tok dei oppstilling på torget framføre 3Brør kafe, og den tredje låten starta med ei einsleg pipe, svakt akkompagnert av smattrande trommer.

Brått kom alle pipene inn, og ein vegg av lyd slo deg nesten overende. Det var majestetisk. Det er noko høgtidssamt og djupt gripande ved denne tradisjonen, uniformane og den militære presisjonen. Den etterfylgjande konserten på kvelden i idrottshallen var so altfor kort, men der fekk eg atter helsa på Colin, og fekk ein pins frå 100-års-jubileet deira som takk for støtte og entusiasme. Frå same mannen som er avbilda i programheftet. 

Bulgarian Voices

Like høgtidssamt og gripande var Bulgarian Voices, der eit kor av bulgarske damer song tradisjonssongar frå Bulgaria. Damene budde ulike stader i landet, og stilte i sin eigen bunad, og ingen var make. Det er sanneleg ikkje berre her i landet me har flotte bunader. Stolt og med tydeleg glede framførte dei songane. Slikt kan ikkje skildrast. Det må opplevast. 

Takk Ida, og alle du samarbeider med. Eg har ein klump i halsen no. 

 

Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.