mandag, 28 september 2026 10:34

STIG SINE PLATER: Jazz frå Nordens Paris. Save the Trees – Verøna og Ola Aksdal Rokkones

Skrevet av

Tromsøværingen Ola Asdal Rokkones har gjeve ut plate i samarbeid med den franske gruppa Verøna (mai 2026). Ikkje visste  eg at dei hadde ø i Frankrike, men i kunst og musikk går allting an.

Om du likar dette eg no skal til å skildra, bør du søkja Ola opp på nettet. Ein imponerande CV! Likevel er dette fyrste plata i eige namn, men han er sanneleg ingen nykomar, som komponist av både jazz og klassisk musikk, og ei lang liste med samarbeidsprosjekt. Det er råd å høyra. Her er det disiplin. Ingen i gruppa er plagsamt prega av ADHD eller manglande impulskontroll, likevel vert det aldri keisamt. 

Resultatet er ei utgjeving full av delikate detaljar, men som likevel er lett å gå til. Det er harmonisk, stundom nesten meditativt, men her er og energiske sekvensar, elles hadde eg somna. Eg er alltid på leiting etter gode album til bruk for test av utstyr, og det er ikkje lett. Lydkvaliteten må sjølvsagt vera god, men du må og lika musikken, elles vert du tullete. Og han må vera passe stillegåande, slik at du korkje plagar deg sjølv eller omgivnadane.  

Denne plata er perfekt til føremålet. Europeisk samtidsjazz på sitt beste, med “vekt på klang, farge og kontemplasjon” (Jazz i Norge/KI). Samspelet mellom Rokkones på saksofon og Samuel Belhomme på trompet på fyrste låten er magisk, og duettane går att på fleire av numra. Elles høyrer eg trommer, piano og ståbass utan å ha fullt oversyn over utøvarane, du kan finna det i Jazz i Norge. 

Eg høyrer gjennom plata for nte gong medan eg skriv dette, noko eg elles aldri gjer, men her funkar det, og eg skrur opp undervegs, heller enn ned. Dette er herleg musikk, intrikat og avslappande i likt monn. Her kan du bada i vellyd, heller enn i badekaret. Ei utgjeving eg varmt kan anbefala. Ho fortener å verta lytta til. Ikkje umogeleg at eg tek ho med til den årlege HiFi-utstillinga i Horten til helga. God testplate! Eg vil i so fall be utstillarane spela fyrste kuttet, ein nydeleg låt.    

 

 

Lest 546 ganger Sist redigert mandag, 28 september 2026 12:11
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.