torsdag, 29 september 2005 23:00

Michael Camilo – Solo [CD]

Skrevet av

Michael Camilo er ein av artistane som no har fleire plater omtalt her på audiophile.no. Det pleier å vere eit kvalitetsteikn, og eg kan seie med ein gong at det er det denne gongen òg. Førre gong leverte han ei god og variert jazzplate med ein jazztrio, men denne gongen er han heilt åleine...

 

 


Og kva får ein då? Jau, då får ein over ein time med berre piano... og med ein pianist som ikkje held seg til sine eigne notar, ein gong. Blei du skremt no? Vel, det er ingen grunn til det. For Michael Camilo kan spele piano, og han kan improvisere, òg.

 

Det er tolv spor på plata. Fire av dei er låtar som Camilo sjølv har skrive, og resten er meir og mindre kjende låtar med større eller mindre jazzpreg, frå mellom anna George Gerschwin og Thelonius Monk. Musikken spenner altså over ganske mange tiår, men det er likevel ikkje alderen som utgjer den største variasjonen i materialet. Me har lange pianoballadar, med ymse krumspring frå solisten, me har lett og ledig jazz, me har latino-inspirerte låtar, som har spor frå både tango, salsa, mambo og mange andre stilar eg ikkje kan, og me har litt røffare pianojazz der Camilo verkeleg får testa klangen i heile registeret til Steinway-flygelet.

 

Men sjølv om musikken er ganske variert, er den spelt i den same, lette og leikande stilen. Dette er iallfall ikkje spelt etter notar! Camilo er så fri i forhold til musikken at dei tolv spora kan sjåast på som ein einaste lang improvisasjon over tolv ganske ulike tema.

 

Likevel, og altså trass i at heile plata er så rubato, misser ein aldri takten eller beatet her. Musikken flyt bortover og bortover, men det blir aldri forvirrande eller vanskeleg. Eg har høyrt på denne plata i fleire månader no, og eg har høyrt så mykje på den at eg eigentleg burde vorte grundig lei den. Men det er eg altså ikkje – eg likar den berre betre og betre. Den funger til det meste: Til lytting, avslapping, som bakgrunnsmusikk til ei god bok, til husvask eller oppvask og til alt mogeleg anna.

 

Det er vanskeleg å skildre musikk, men ein ting er iallfall klart: Med denne plata viser Michael Camilo eit stort spekter, og han viser kor enkelt det kan gjerast. Han held det gåande ein time, berre han og tangentane. Og eg klarar iallfall ikkje gå lei.

 

Tittelen på denne plata røper at Michael Camilo ikkje har med seg nokon andre enn eit godt stemt flygel i studioet. Musikken på plata viser oss at han ikkje treng det heller.

 

Tor Martin Brekkeflat (TMB), 30. september 2005

Musikk:

 

*****

Lyd:

*****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hjå CDON!

 

Lest 10356 ganger Sist redigert torsdag, 23 januar 2014 10:58
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.