onsdag, 17 desember 2014 19:56

Swissonor tappar gammal vin på nye flasker - sveitsisk fornying av Thorens TD 160

Skrevet av

Verdas lengstlevande platespelarprodusent, sveitsiske Thorens, må etter kvart seiast å vere ferdig med gullalderen, då dei legendariske modellane opparbeidde ry som (noko av?) det beste som fanst av platespelarar i si tid. Men sjølv om produksjonen er slutt, lever spelarane i beste velgåande, kanskje betre enn tidlegare, ved hjelp av eit lite, sveitsisk firma.

Også i dag har TD 124 status som eitt av dei betre drivverka, og slike drivverk er ganske så ettertrakta på bruktmarknaden, sjølv snart femti år sidan produksjonen vart avslutta. Eit veldig spennande restarrasjonsobjekt, heiter det. Sjølv om det er veldig krevjande å få det optimalisert.  Dei litt seinare modellane er enklare, og personleg trur eg det er betre å halde seg til 125, 126 og oppover. TD 124 er som eit urverk, det er best å få ein sveitsar til å sjå på det. Det var også forretningsideen som Swissonor starta med, å forbetre originalen. Dette kan du framleis få gjort, om du berre har ein TD 124 liggjande..

 

Flotte platespelarar til gunstig pris

120-serien må vel seiast å vere prestisjeserien av Thorens-spelarar, og det var naturlegvis også ein økonomiserie i tillegg. Gamle TD 150 hadde eit veldig greitt drivverk, og det same var også med TD 160 og 165, som er utmerka innanfor spelarar med flytande oppheng. Dei to ulike drivverksjangrane, dei med fast og dei med flytande oppheng, er to måtar å løyse platespelarutfordringane på, så skilnadane på desse to systema er ganske store. Dei med fast oppheng har typisk noko betre dynamikk og bass, og ved hjelp av platestrammarar og/eller platekrans kan dette forbetrast endå meir. Men desse spelarane er også veldig kilne når det gjeld feedback og tramping i golvet, og fungerar som regel best med vegghylle. Dei med flytande oppheng, mellom desse Thorens TD 160, har typisk betre skjerming frå omgjevnadane, så vel som ein svært open og innbydande mellomtone.  Ulempa er at platestrammar og platekrans er svært vanskeleg eller i det minste tungvint å bruke.

 

TD 160 Swissonor-oppgradert.

I år 2000 var det eigentleg kroken på døra for Thorens. Men før det skjedde, var det produsert mange tusen eksemplar av desse gode drivverka, som ein ganske lett kan finne på bruktmarknaden for rimelege summar. Desse spelarane har godt potensiale, og kan vere rett val for mange vinylentusiastar, og no har firmaet Swissonor tatt ut meir av dette gjennom oppgradering. Du kan levere inn din gamle Thorens og bygd han om til høg standard.  Så eg har fått inn ein slik TD 160 til utprøving, saman med anna utstyr frå same produsent. Spelaren har sin karakteristiske utsjånad, og den same platematta så vel som Thorens-armen kan du ikkje ta feil av. Men kabinettet ser noko annleis ut, og det er ting som tyder på at armen har fått visse oppgraderingar. 

 

Flytande oppheng  på godt og vondt

Av dei spelarane eg har spelt på utan vegghylle, har dei fleste greidd seg bra når det gjeld feedback inntil visse lydnivå. Nokre ting må passast på, slikt som lokket på spelarane. Dette fangar opp lyden når det spelast høgt, så det beste er å ta det heilt av. Dette var ikkje noko problem med spelaren eg hadde på besøk, for her var det ikkje lokk. Likevel, spelte eg  skikkeleg høgt, var det stor skilnad på bassfeedback her og når spelaren stod på peishylla. Når det gjeld golvtramp, gjekk dette heilt greitt når ein passa seg litt, men eg vil ikkje tilrå å danse polka i lytterommet utan vegghylle…

 

Akilleshælen

Eitt av ankepunkta mot Thorens-platespelarane har vore armane. Greie nok til ganske mange pickupar, men dei manglar dette siste som gjer at du får henta ut alle detaljar saman med riktig gode pickupar. Thorens har alltid hatt klokketru på eigne armar, men dei har ikkje greidd å slå an. Så mange har vegra seg for merket av denne grunn. Men armproblematikk kan aldri sjåast isolert. Du må alltid vurdere kva pickup som skal brukast, og dessutan må armen passe saman med drivverket. Brukar du ein veldig tung arm, vil denne ikkje alltid kunne fungere saman med eit flytande opphengt drivverk. Kort sagt er det meir å passe på ved flytande oppheng. Men dette unngår du ved å kjøpe ein komplett platespelar.

 

Eit dristig pickupval

Når spelaren kjem frå Swissonor er han utstyrt med Ortofon 2 M Red Verso, som eg trur er aller rimelegaste pickup frå Ortofon. Prisen på denne er på knapt 900 kr, og skulle såleis vere svært så overkomeleg. Dette er ein MM-pickup som kan brukast i sjølv ganske så enkle riaatrinn. Men i mitt anlegg er det ein ganske daff sak, som manglar mykje på å spele med engasjement og temperament, slik til dømes den fem gongar dyrare referansepickupen min gjer (Dynavector DV 10x5). Moroa starta fyrst då eg spelte på eit reint Swissonor-oppsett. Her var ting veldig godt samstemte, og ved hjelp av ei bråte synergieffektar vert dette eit fornuftig pickupval.

2M Red er i Verso-utgåve, som passar til armar av Thorens-typen. Eg var i stuss over at ein hadde gått for den med enkel, elliptisk stift, i staden for fineline (bronseutgåva), eller i det minste Nude elliptcal (blå utgåve). Sjølv hadde eg nok starta på toppen og prøvd ut svart utgåve med Shibata-diamantsliping, sjølv om denne kostar meir enn fem gonger så mykje som den raude varianten. På Hortenmessa vart det tydeleg demonstrert at 2M Red gjorde jobben til fulle, over det anlegget som vart demonstrert.

Då eg prøvde oppsettet heime, var måleplata fyrst i bruk. Og det var ikkje tvil om at kombinasjonen var ein optimal match heile vegen – 80µ sporing utan problem, og det meste av 1812-kanonskota på Telarc (med unntak av det siste, kraftigaste smellet) vart godkjent. Flott prestert etter prisen.

Då eg bytte om på riggane, og sette Thorens inn som avløysar for referansen min, var det tydeleg at Thorens-armen fungerte godt, lettare å justere enn min JMW 9 Signature. Men med rett pickupval og platestrammar vart Thorens ein lettvektar, også når samanlikninga vart gjort via Swissonor sin eigen riaa. Som forventa noko mindre markert bass, daffare attgjeving av transientar så vel som mindre nyansert dynamikk. Og det var heller ikkje så ”svart bakgrunn” som på VPI-monsteret. Litt får ein igjen for å legge såpass mykje i riggen, tenkte eg, og meinte igjen at ein slik oppdatert spelar hadde fortent ein noko betre pickup.

Eg har prøvd ein god del svært kostbare pickupar, og jobba ganske mykje for å gje dei  så gode vilkår som råd i min unipivoterande VPI JMW 9 Signature-arm. Ofte har dei klangmessige kvalitetane vore flotte, slik at høge pickupprisar kan forsvarast, men når det skal spelast svært krevjande innspelingar, der sporingseigenskapane vert sett på prøve, kan det heile bli noko anstrengt (prøv til dømes å lytte til Supertramp sine innspelingar av elpiano på ”Crime of the Century” og ”Even in the quitest Moments”) Her overraskar Swissonor sin cocktail av Thorens, modifikasjonar og Ortofon sin billegaste med å takle desse utfordringane på ein utmerka måte. Men verkeleg moro vart det altså ikkje før vi fekk full Swissonor-pakke, der både signalkjelde, elektronikk og høgtalarar fekk Swissonor-signatur. Ikkje nøytralt, og langt frå det kostbare, avmålt presise idealet eg har bygd opp mitt anlegg etter. Men i høgste grad eit sjarmerande oppsett, som vi kjem sterkt attende til under testing av Swissonor-utstyret. Men no skal vi fyrst konsentrere oss om platespelaren.

Etter kvart hadde eg fått rigga opp spelaren som del av det komplette Swissonor-oppsettet eg hadde til låns. Og då fekk pipa ein annan (og meir dynamisk) låt. Det heile let utruleg engasjerande. Ved skifte av både platespelar, riaa, elektronikk og høgtalarar, vart synergi-effekten ved å bruke Swissonor heile vegen markant, men også veldig lett å like. Det er ei slags farging av lyden, som ikkje går ut over detaljoppløysinga eller dei andre kriteria som vi gjerne lyttar etter.  Dette var sjelebalsam for ein gammal bassist.

 

Eigenarten til Swissonor er ei understreking av dynamikk.

Anlegget får nye krefter som gjer det veldig moro å spele. Gamle, litt kjedelege innspelingar, får nytt liv. Mine gamle Prudenceplater så vel som all pubertetsmusikk frå tidleg 70-tal vart veldig moro å høyre på. E eg pløgde meg gjennom mykje nostalgi med strålande humør. Nazareth, Black Sabbath, Led Zeppelin, Popol Vuh, Deep Purple har ok opptak, om enn med visse manglar. Men det vart liksom dei musikalske kvalitetane som på nytt kom i høgsetet, og manglane vart uvesentlege. Ein del klassiske opptak eg har frå m.a. Deutche Grammophone med veldig gode framføringar, har irritert meg ved å vere noko urealistiske opptakteknisk sett. Men manglane vart svært bagatellmessige samanlikna med framføringane og dei musikalske prestasjonane. Ting vart rett og slett gøy. 

Eg måtte også prøve VPI-spelaren også i dette anlegget, og det let fint, det også. Men ein slik sak til godt 70 kilokroner vart overkill og liksom meiningslaus i denne settinga. Du kan bruke ein Thorens til ¼ av prisen med like godt resultat, om du byggjer anlegget ditt rundt Swissonor.  Og her ligg kanskje grunnen til at Swissonor går for den billegaste pickupen? Truleg vil  dyrare 2M-pickupar fungere veldig godt, dei også. Men kva er vitsen? Det er så veldig engasjerande i oppsettet her, og matchinga til armen er berre heilt topp.

 

 

Ei vurdering og ein slags konklusjon:

Sidan www.audiophile.no er er eit nettmagasin der lesarane lett skal kunne søkje seg fram til aktuelle platespelarar, skrivast konklusjonen på vanleg måte. Men hugs at Swissonor-modifikasjonen må sjåast i samanheng med det andre utstyret. Denne lett modifiserte TD 160 med Ortofon 2M Red spelar så flott saman med Swissonor-høgtalarane, at du ikkje treng gå for dyrare pickupar, eller ein dyrare spelar. Det matchar.

Når det er sagt, er det også slik at denne spelaren må sjåast som eit sjølvstendig produkt. Mange har tilgong på ein TD 160, og kan tenkje seg å oppgradere denne. Dei må rekne med ein pris på 14000, så kva får ein for investeringa?

Eg hadde beklagelegvis ingen standard TD 160 å samanlikne med, men det du får iallfall ein nyoverhala og oppgradert platespelar. Og du får ein arm som verkar godt, iallfall saman med pickupar av det rette slaget. Ortofon 2M fåast i fleire utgåver, og dei er alle like i utforminga, og har ein komplianse på 20 (unntatt den dyraste, som ikkje er langt unna, den heller). Eg ser ikkje bort frå at han kan klare ein god del MC-pickupar også.

Då eg samanlikna spelaren med VPI SSM-spelaren min, slo det meg at dei tinga eg kritiserte Swissonor/Thorens for, var dei same som eg la vekt på då eg gjorde overgang frå Linn Sondek LP 12. No var denne spelaren min ei enkel utgåve frå 1997, så samanlikninga er ikkje opp i mot Linn sine toppversjonar av i dag, med superarm, ekstern straumforsyning og ei rekkje andre forbetringar. Så kanskje ikkje heilt like god, på alle punkt. Men iallfall i same divisjon som ein eldre LP 12 utan dei store påkostingane. 

Skal du ikkje bruke spelaren i eit Swissonor-oppsett, kan det hende du bør utforske litt dyrare pickupar. Det er skilnad på dei ulike slipingane av 2M, og heilt sikkert meir å hente. Men slik dette oppsettet er her, kan du klare deg veldig godt.

 

 

 

Lest 6765 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.