Som stort sett vestlendingar har vi i Audiophile.no eit spesielt tilhøve til nynorsken. To av skribentane – Arve og Stig Arne – er ihuga nynorskentusiastar. Og eg nytter og høvet til å børste støvet av min eigen nynorsk i denne artikkelen. Arve testa i 2005 med stor entusiasme det han kalla nynorskspelaren. Det var Oppo DV 71H, ein Oppo DVD-spelar med nynorske menyar som ein opsjon.
No kjem altså støymetenesta Beat i nynorsk utgåve. Eller i det minste med moglegheit for nynorsk utgåve av menyane i appen. Beat er det nyaste av strøymetenestene, og held til i eit spanande hus teikna av den kanadiske arkitekten Todd Saunders, på Mjømna i Gulen kommune. Dei har markert seg som litt annleis enn dei store Spotify og WiMP, og er den einaste strøymetenesta som har fått med seg plateselskapet KKV fullt ut.
Leiaren i Målungdommen, Vebjørn Sture jublar over tiltaket. Elles har dei ein egen seksjon der enkelte nynorske album vert framheva, og denne uka har dei nynorskuke på Beat.