søndag, 27 februar 2011 13:26

Ny sofa. Og så?

Skrevet av

Det er mange omsyn som må stettast i ein heim der audiofile familiemedlemer ope får lov til å leve ut sine tendensar. Mange vert forviste til eit eige lytterom, der anlegget får lov å dominere utan så veldig sterke innvendingar.  Men slike lytterom er veldig lite sosiale, og så har dei ein tendens til å verte i minste laget.

Det kan vere lurt å plassere anlegget i det største rommet i huset, altså stova, der familien sine viktigaste aktivitetar går føre seg. Men då må det gjerast kompromiss, og den audiofile må leve med ei viss redsle for endringar, til dømes ommøbleringar og andre ting som kan øydelegge for lyden (no når han endeleg har vorte så bra…)
Til gjengjeld vert det god lyd for alle, og den audiofile slepp å vere eremitt i kjellaren.
På fredag kom ei slik endring her i heimen….

 

Frå tid til anna diskuterast kva som er den viktigaste komponenten i anlegget, og det er mange djuptenkte svar på dette. Å ha ein samlivspartnar med forståing for dine interesser er sjølvsagt avgjerande, men dette krev at også den audiofile må ha empati for andre sine behov og ynskjer. For dei som frekventerar hifi-sider på Internett er det sjølvsagt viktig å ha eit godt lytterom. Mange finn lukka i små rom i kjellaren, som er dedikerte til lydlege føremål, der innreiinga kan vere kompromisslaus. Kompromisset ligg i å forvise dei store lydlege opplevingane til eit lite rom i kjellaren, langt borte frå dei meir sosiale opplevingane familien har. Og eit lite rom er....lite. Store rom, derimot, har det til felles med store høgtalarar, at dei får til meir enn kva dei små greier. Det er eit godt prinsipp at "smått er godt", men ingen regel utan unntak.
Her i huset har vi alltid hatt eit relativt dominerande hifi-anlegg i stova, og eg meiner sjølv at eg har hatt god lyd mesteparten av tida, men så har eg stort sett berre hatt store høgtalarar…

Gamlestolen skal vekk

Men vi har ”alltid” hatt vår kjære sofabue frå Hjellegjerde, kjøpt i 1992, som det har vore skifta skinn på to gongar. Med dedikert kvilestol og fotskammel som har vore plassert i sweetspot.
Dette sitteutstyret har vore flytta på mange gonger, og det har vorte uteksperiment fleire måtar å møblere på, der det har vorte tatt omsyn til at vi må ha god lyd. Eigentleg har det berre vore to måtar som har fungert, men så skjedde det noko. Då juletreet forsvann i vinter, prøvde vi ut ei heilt ny løysing. Den gamle sofabua vart ståande på ein ny måte, midt i rommet, og sweetspot-stolen vart ståande i forlenginga av L-en. Eg vart sittande tettare på høgtalarane, men det var faktisk veldig bra posisjonering. Endå betre enn den eg har hatt dei siste ti åra... 
Ein del justeringar måtte til, men etter kvart vart eg sittande i ein likesida trekant, og høgtalarane med lik, perfekt avstand til bakvegg. Alt låg altså til rette for at vi kunne satse på ny sitegruppe, til stor glede for tenåringsdøtrene i huset, som tykkjer den gamle skinnsalongen som har stått der sidan lenge før dei vart fødde, var håplaust gammaldags. Denne gongen skulle det ikkje vere skinn, og heller ikkje norsk fabrikat. Ein polsk stoff-salong utan kvilestol, men i staden ein cheselong på hjørnet, som tilfeldigvis vert midt i rommet, ganske nøyaktig der sweetspot sannsynlegvis kjem til å vere. Det er sjølvsagt ein sjanse å ta, for det er ikkje så greitt å prøve heimlån når det er snakk om 200 kg sofa (vanskelege å bære er dei også, desse sofa-beista, for polakkane har ikkje tenkt på at det kan vere nyttig å demontere sofaen under transport).

Fredag kom det telefon frå møbelhandlaren, og den gamle sofagruppa vart demontert og gjort klar for lagring med tanke på neste generasjon…(kjempekvalitet, slike norske skinnsalongar, og tenåringsdøtrene sin storebror hadde bestemt seg for å ta vare på arvestykket). Etter sjauearbeid vi ikkje har sett maken til sidan Mark Levinson ML 33 og Infinity sine største høgtalarar var på besøk, vart det ein rask sjekk av lytteposisjon, men berre så vidt nok til å konstatere at her må det jobbast.

Godt verktøy er halve arbeidet:
Laurdags morgon var eg som vanleg tidleg oppe, og sette i gong med finjustering med målband, musikk og lommelykt (som brukast til å finne perfekt vinkling av elektrostatpanela – når refleksen av lommelykta kjem nøyaktig midt på panelet i innerkant, vert perspektivet rett. Så er det berre målbandarbeid – rett avstand til bakvegg og lytteposisjon. Avstand til sidevegg er ikkje så nøye med slike høgtalarar). Målingar må gjerast fleire gonger, og eg må alltid igjennom eit par fasar med paranoia før eg roar meg ned og slår meg til tåls med at no er plasseringa slik ho skal vere. Slikt tek  lang tid, og då eg endeleg hadde fått det til, måtte eg endre på anlegget. Håvar Snapa har sendt meg ein ny riaa, som eg har til test for tida. Den eg hadde, er ei spesialutgåve med spesielle verdiar som skil seg frå det optimale til Dynavector xx2 som eg brukar no. Med det nye riaatrinnet, som også har nye rør, er lyden langt betre i mitt oppsett enn kva eg fekk ut av den fyrste eg prøvde, som berre hadde standardrør. Men no er det ikkje Rogue-riaaen som er i fokus. Eg må få til rommet høgtalarane og basis for lyttinga.

Det er veldig store skilnad på kor mykje den gamle skinnsalongen og den nye stoff-giganten dempar rommet. 200 kg stoffsova absorberer svært mykje energi, og rommet verkar vesentleg meir dempa. Det er ein heilt annan akustikk, og det løftar på ein måte presisjonen lydbildet til nye høgder. Ein annan skilnad går på at sjølve lytteposisjonen vart heva med godt 10 cm. Eg kom altså meir inn i ”strålen” frå elektrostatdelen av høgtalarane. Litt uvant dei fyrste par minutta, men så vert det klart at dette er ein stor pluss.

Conrad Johnson ET 2 har heldigvis balansekontroll:
Eit problem, er sofabordet. Her er det ikkje kjøpt nytt, og det gamle med 1,2 meters lengde kjem så langt fram at det sperrar for lyden frå venstre kanal. Bordet er heldigvis lågt, og duken dempar nok litt, så det går ikkje ut over direktelyden frå elektrostatdelen. Frekvensgongen og oppløysinga vert ikkje særleg skadelidande, men det dempar nivået litt. Eg tok bordet bak sofaen, og problemet forsvann. Heldigvis – då er det berre å skaffe eit nytt, mindre salongbord. Ein tusenlapp eller tre der også, før ein kan puste letta ut. I mellomtida løyser eg problemet ved hjelp av den velsigna balansekontrollen til forforsterkaren frå Conrad Johnson. Eg har ikkje forstått kvifor nesten ingen produsentar har denne funksjonen på apparata sine lenger. Rett nok var det slik i gamle dagar at det til tider var nyttig om platespelaren din ikkje var skikkeleg justert, eller om dine heimelaga kassettband hadde skeiv balanse eller dårleg azimuth, men faktisk er det ganske nyttig. Etter kvart skal eg ha eit nytt bord, men det er veldig greitt å kunne utsette det litt....

Mykje jobb, eigentleg?
Neste morgon vart det jobba litt meir med tanke på vinylrigg. Det vart spelt 7 platesider før frukosten, rundstykka og 3-mila kravde sitt. Den nye sittegruppa gjer at eg har fått større presisjon i å høyre nyansar i oppløysing og dynamikk. Demping og større sittehøgde er viktigaste grunnane til dette. Men eg legg også merke til at lyttinga vert på ein annan måte når du ikkje sit oppreist, men snarare ligg i sweetspot. Du nyt kanskje musikken i større grad, men persepsjonen er ikkje så medviten, eigentleg. Ein sit og slumrar i større grad enn når ein sit oppreist. Kanskje eg skulle prøve ein vond pinnestol til lytteposisjon? Ikkje akkurat avslapping, men kanskje det som skal til når utstyr skal vurderast nøye? Eller kan tresmaken som utviklast verte like problematisk for konsentrasjonen som dei mjuke putene.....?

Ein burde kanskje spandere litt ressursar når det gjeld sittereiskap innan hifi som ein gjer på andre sider ved musikkopplevinga. Er ein på køyret, er det ikkje dyrare med ein ny sofa enn eit komplett kabelskift. Så kva med eit team som jobbar med perfeksjonering av korleis ein god sweetspot skal utstyrast?

Endeleg nærmar vi oss eit kvardagsoppsett til å leve med.
Det har vore ein del flytting på høgtalarar innimellom, og etter fjorten dagar med ny sofa, føler eg at vi har fått til lyden ganske godt. Det er lett å høyre korleis innspelinga av Dynavector XX2 endrar seg. Eg er no inne i den fasen der det skal vere "kjedeleg", etter å ha spelt i om lag 45 timar. Men eigentleg er lyden upåklageleg, sjølv om vidare innspeling skal syne at pickupen har eit endå større potensiale, som kanskje syner at han faktisk er verd den høge prisen...?
Eit problem eg no har fått, er at eine høgtalaren står så kloss i plateskapet at eg ikkje lenger kan opne det utan å flytte høgtalaren. Dette er eit problem eg må endre på. Kan eg flytte plateskapet? Må eg ha eit nytt plateskap? Eller må eg rett og slett få nokre høgtalarar som kan stå annleis plassert? Kva med ein kombinasjon av desse alternativa? Livet skal ikkje vere enkelt, med alle desse luksusproblema..... eg må innrømme at eg inntil vidare løyser dei med å spele musikk frå det andre plateskapet. Innan det audiofile er det viktig med ei plan B.

I kor stor grad ligg lytteopplevinga i andre ting enn musikken? Til dømes i sjeselongen?

Eit anna nytt fenomen når det gjeld lytterutinene mine, er at eg har registrert at det spelast meir klassisk musikk no. Dette har gått i periodar opp gjennom åra. I ungdomen var eg hovudsakleg interessert i rock, og det speltest relativt lite klassisk frå mitt anlegg. Så kom ei periode der eit uvanleg godt stereoanlegg truleg førte til at eg vart gira på dei ekstreme musikkuttrykka som kunne skapast med symfoniorkester, og det vart mykje moro med 1812-overture og anna bråk. Etter ei tid roa det seg ned, og eg gjekk på oppdagingsferd i mange sjangrar innan den klassiske romantiske perioden, før eg vart rastlaus, og gjekk over på popmusikk av det meir underfundige slaget. Etter kvart har eg forstått at anlegget faktisk har vore med å styre musikksmaken min. Med IMF TLS 80 var det ikkje rart at eg hadde interesse av djupbassen på Toccata & Fugue i D-moll og Dark Side of the Moon, og Acoustat 4-elektrostatar har opna for svært mykje klassisk musikk, både når det gjeld store og små orkestreringar. Dei noverande InnerSound har også gjort sitt til at nye retningar har vorte undersøkte, og det har vore spennande turar innan både jazz og folkemusikk.

Men den nye sofaen har fått fram meir klassisk musikk frå høgtalarane, merkeleg nok. Eg lurer på om det er noko forbigåande, eller om det rett og slett er ein funksjon av sittinga? Når ein plasserer seg i ein sjeselong, slik eg no gjer når eg sit i lytteposisjon, slappar ein av i sterkare grad enn kva som skjedde i min gamle lyttestol, der eg gjerne trampa takt og heldt meg til eit forsøk på skarpsindige analyser av lyden. No slappar eg av. Og innimellom sovnar eg også.... kanskje ein funksjon av alder, stress og tilfeldige hendingar, men mi noverande arbeidshypotese er at det skuldast at eg sit nærare høgtalarane, høgre oppe, og slappar av.  Konklusjonen må vere: vil du endre musikkopplevingane dine? Kjøp nytt sittereiskap...

Lest 6864 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Arves lytterom