tirsdag, 01 mars 2005 23:00

Arves lytterom

Skrevet av

Det må vel vere på sin plass å snakke litt om viktigaste komponentane i musikkreproduksjonen min? I så fall er det vel ingenting som har større innverknad på lydkvaliteten enn lytterommet? I staden for å presentere anlegget (som likevel stort sett består av utstyr som er omtalt her på www.audiophile.no), vel eg å fortelje meir om dei romma eg brukar.Lytteromma må fylle mange andre funksjonar. Men det er hardt å velje kompromiss mellom god lyd og alt dette verdslege...

av Arve Åheim 2.mars 2005

Som den mest erklærte ruralist i redaksjonen, har eg eit rimeleg stort hus med fleire rom. Fleire av desse romma kan brukast til seriøs lytting, noko som er fint når dei mange gjeremåla i familien fører til at den musikkengasjerte må fjerne seg. Eg opererer difor med fire ulike lytterom, som alle verkar inn på lydkvaliteten i stor grad, større enn det mange av komponentane mine gjer.

Lytterom nr 1

Dette er stua. Denne er på 41 m2, og inneheld det permanente hovudanlegget i famlien. Normalt slepp her ikkje til anna enn to kanals stereolyd, for her er vinylplatesamlinga det viktigaste for musikkopplevinga.Rommet inneheld 9 store glasflater, vindauge og glasdører som skapar ein etter måten livleg akustikk. Sjølv om ein speglvend L-fasong på rommet og godt med møblar gjer at det er lite av plagsomme resonnansar, er rommet rimeleg krevjande å få god lyd i, stort som det er. Det er ikkje råd å få til like omgjevnadar for høgtalarane, noko som burde tilseie at eg valde vanlege høgtalarkabinett. Men så er eg dipol-entusiast, og treng elektrostatar eller tilsvarande for å gjere livet interessant. Eg har difor satsa på InnerSound Eros som høgtalar. Denne har vanleg transmisjonslinjebass under 400 Hz, medan området over dekkjast av ein relativt retningsvirkande, planar elektrostat. Alt "bassrotet" eg hadde med tidlegare fulltone, bipolare høgtalarar, er no avløyst av ein dynamisk bass som går godt ned om 30 Hz med mykje trøkk. Over 400 Hz vert heller ikkje den ulike bakveggen for høgtalarane særleg sjenerande, og eg har eit godt tredimensjonalt lydbilde.

InnerSound har eigen bassforsterkar, og denne brukast. Over delefrekvensen brukar eg ein Copland CTA 520, ein transistorforsterkar som let svært rør (i beste forståing av ordet). Sjølv om det finnest betre forsterkarar i bassområdet, er ikkje dette noko problem - glimrande forsterkeri etter min smak.Forforsterkaren har vore ein del sjuk, og er ein over 15 år gammal rørkonstruksjon Audio Research SP 10. Denne har ein svært god og allsidig riaa, som gjer at eg kan bruke alle pickupar som kan levere minst 0,25 mV, og han sprudlar av dynamikk og nesten fullkomne klangeigenskapar med ein god MC-pickup med 0,6 - 0,7mv signal. Faktisk har eg aldri funne riaa/MC-forsterkarar som har eintydig vore mykje betre (til prisar som er relevante for meg å betale)....Når nye forforsterkarar er på besøk og eg vil spele vinyl, tappast signalet frå SP10 gjennom tape out, og sendast så inn i ein linjeinngang på forforsterkaren. Då trur eg ikkje det vert særleg betre...Signalkjeldene mine har fyrst og framst vore vinylbaserte, med ein Linn Sondek LP 12 i enkel utgåve. No skiftast armen til Opus3 Cantus for å sjå om dette kan fungere. Pickupar har eg hatt eit tjuetal av, og eg er kanskje klar for nyinvestering også...

CD-spelarane eg har hatt i hus, har stort sett vore for dårlege eller for dyre, slik at eg har sendt dei i veg. Eg har ein diger, gammal magasinspelar frå Sony som har plass til 200 skiver. Sjølv om lyden er bob-bob, er det mykje musikk som ikkje treng så fabelaktig attgjeving, og derfor brukar eg denne til ikkje-pretensiøs musikk. Så har eg ein rimeleg Sony SACD/CD-spelar som fungerer heilt greitt, bortsett frå mykje mekanisk støy.

Lytterom nr 2
Det andre lytterommet mitt kan by på svært gode arbeidstilhøve for basshøgtalarar. Rommet er ein vinterhage med keramiske fliser på golvet, stor takhøgd og mange glassruter. Det har naturleg nok ein svært livleg akustikk. Likevel er det forbausande enkelt å skape god lyd her, og ein høgtalar som ikkje fungerer i lytterom 2, klarer eg heller ikkje å få til i dei andre romma mine. Rommet er ca 4x6 meter, med takhøgd på 3,3 m på midten, som går ned til 2,4 m i endane. Eine veggen er kledd med naturheller og sement, medan resten stort sett er av glasmateriale. Eg hadde aldri trudd at dette rommet skulle bli så bra til musikk, og ei vurdering av høgtalarar her er obligatorisk. Eg har ikkje noko fast plassert utstyr i dette rommet, men skifter etter kvart som ting kjem i hus. Skjult, billeg høgtalarkabel i veggane brukast til bakhøgtalarar i surroundoppsett, og eit 2,33m manuelt lerret er montert midt på eine langveggen, over vindauga mot søraust, og brukast til heimekino. Beste lytteposisjon til dette er på motsett side av rommet, kloss inn til den andre langveggen. Til kritisk lytting av musikk brukar eg likevel rommet på langs, med høgtalarane plasserte langs kortveggen og beste lytteposisjon om lag 1,5 meter frå veggen bak meg. Einaste lydlege ulempe med dette rommet er at det ikkje er særleg lurt å spele svært høgt. Då dukkar det opp mykje eigenlyd.


Tredje lytterom
Dette er tenåringen sitt rom på 3x3,5 meter, som han bur på i helgane. Rommet er kledt med 15 mm rupanel, og ligg i kjellaren med vinyl på betonggolvet. Rommet er lite, men har god akustikk når det dempast ned. Tenåringen sitt referanseanlegg er heimebygde høgtalarar som kvar har to 15" bassar, og spelar 96 dB/W. Han forar dei med ein Luxman 373 integrert forsterkar som leverer ca 150 W. Rommet er alt for lite til desse høgtalarane av same storleik som eit godt kjøleskap, og han planlegg å selje dei til eit diskotek, og gå over til noko mindre... Eg brukar rommet til utprøving av mindre høgtalarar, noko som gjev realistisk innsyn i kor godt eit anlegg eignar seg på ein mindre hybel, eller for den som har eit lite, men godt rom dedikert til ein funksjon.







Det fjerde lytterommet
Dette er i utgangspunktet håplaust, og eigentleg ondskapsfullt å teste høgtalarar i. Rommet brukast til TVsjåing, og er eigentleg ein korridor/entre som berre dei mest infame høgtalarkonstruksjonar kan overleve i. Men slike finnest også, og bør utfordrast til å gjere sitt beste (Bose Lifestyle 28 er det einaste systemet eg har fått til å låte godt her). TVen er elles ein 28" Philips Wide-screen av ganske så ordinær kvalitet, som er kobla til ein satelittuner med tilhøyrande parabol. Og ein DVD-spelar til 399 kr frå Elkjøp er også med i oppsettet..

Lest 5904 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.