Wednesday, 17 December 2025 11:54

To CD-spelarar og ein Lotus – Stig Arne si dagbok desember 2025 Featured

Written by

Ein gamal CD-spelar vart modifisert - til det verre. Og Stig Inge sitt stereoanlegg i bilen har og vorte modifisert, denne gongen heldigvis til det betre. Det har vore lærerikt.

CD

Kva er interessa for CD-spelarar i dag? Er det noko å skriva om? Dette var spørsmåla eg stilte til brukthandlaren min, og HIFI Klubben. Svara frå desse to ekte menneska var mykje betre enn det KI fann på internett. Brukthandlaren kunne fortelja at han framleis har etterspurnad etter CD-spelarar og platespelarar, og tilsvarande mjukvare. Jamvel kassettar. Sondre frå HIFI Klubben, som helst vil vera anonym, kunne fortelja at strøyming har stor overvekt, men at dei likevel sel platespelarar -og vinyl, gjennom eit nytt samarbeid med Big Dipper, som hakka møkk. Mange ser dette som eit alternativ eller tillegg til strøyming, når dei vil ha noko handgripeleg. CD har lenge lege stabilt lågt, men er faktisk på veg opp! Og når eg her ein dag opplevde at ein av mine gamle CD-spelarar leverte betre lydkvalitet enn strøymesystemet mitt, sjølv om eg har gjort mitt beste for å få dette optimalt, konkluderte eg med at eg ville ha ein slik i anlegget permanent. Heretter er planen å nytta denne, når eg ynskjer best mogeleg lyd for å kunne vurdera andre komponent.  

Alle produsentar av elektronikk i industriell skala gjer sitt beste for at apparatet skal vera trygt. Dette inneber som regel eit filter både på inn- og utgangen, ofte i form av ein kondensator. Denne hindrar likestraum (DC) inn på apparatet, og ut av apparatet. Filtrert for likestraum passerer resten av lyden relativt upåverka.

Modifikasjonar - alltid like lurt?

Av den grunn er dei aller fleste CD-spelarar utstyrt med ein kondensator på utgangen. Det kan og vara ein “servo" med same effekt, men denne held me utanfor i denne omgang. Det er imidlertid ei kjend sak i delar av hifi-miljøet at denne utgangskondensatoren i realiteten er overflødig/unaudsynleg, sidan det alltid er sperrekondensator i inngangen på neste apparat, som regel ein forsterkar. Difor kan kondensatoren normalt fjernast, dvs loddast ut, og ein lask/lus/kort leidning/streng loddast inn i staden. Det var den meldinga eg gav til reparatøren. Eg kunne sjølvsagt gjort det sjølv, men hadde ikkje klart å lokalisera denne kondensatoren; ein for kvar kanal. Dessutan kan det vera trangt på printet, og det hjelper heller ikkje at eg som ein etter kvart gamal mann ikkje er heilt stø på labben.   

Då eg fekk apparatet attende, var eg på nippet til å klara å overtyda meg sjølv om at han no let betre, for ein komponent mindre i serie med signalet er alltid gunstig (alt anna likt). 

Men eg hadde ei gnagande kjensle av at det ikkje stemte, og når eg fleire år seinare plukka han fram att, var han ikkje på nær like god som den eg samanlikna med. Eg skrudde av dekselet, og fann fort ut kva som var gjort. Kondensatorane var klypte av - og erstatta med motstandar. Eg kunne ikkje forstå at det var ei logisk løysing. For det fyrste stengjer ikkje ein motstand for DC, slik som ein kondensator. For det andre vil han dempa signalet. Han som utførte modifikasjonen hadde sikkert ein grunn for å gjera som han gjorde, men heller ikkje ein annan kyndig såg logikken i det. Eg fjerna motstandane og lodda over, kopla opp apparatet med skjelvande hender og trykte PLAY, livredd for at eg hadde gjort noko feil eller kortslutta noko. Det var myrkt og trangt nedi der, og eg hadde ikkje sterke nok briller. Men alt virka, og eg har fått eit positivt fyrsteinntrykk av lyden. Ytterlegare utprøving vil verta gjort og presentert seinare. Fyrst må jula gjerast unna. Eg har ikkje teke bilete av det ferdige resultatet, for det var ei grisete lodding. Men det virka. 

LOTUS

Eg har ikkje noko særskilt interesse for bilstereo, kan ikkje ha vit på alt heller. Men Stig Inge har fortalt med ei artig historie, som han har gjeve meg løyve til å fortelja vidare. Han rasar rundt på vegar og racarbanar, inklusive Fuji International Raceway oppunder fjellet, med sin nye Lotus sportsbil som ein forvaksen gutunge, noko han jo og er. Men han var ikkje nøgd med lyden frå stereoanlegget, trass i at det er bygd opp av gode deler, skulle ein tru: Harman Kardon forsterking, Kef 3” uni-Q høgtalarar for mellomtone og diskant, og to basselement, ein 5-tommar og eit større ovalt element. Alle elementa pustar inn i karosseriet, som fungerer som kabinett. 

Frå Lotus-forumet på internett plukka han opp ein interessant detalj - at motorens turtall vart mata in i forsterkaren, som genererte ein motorlyd som gjekk ut over høgtalarane; høgare lyd dess høgare turtall. Denne skulle gje føraren betre kontakt med motoren. Det fekk Stig Inge til å reagera, han var ikkje interessert i noko falsk lyd gjennom stereoanlegget og i kupeen. På ein verkstad fekk han kappa over leidningane som førte desse signala, og vipps hadde han eit heilt anna stereoanlegg. No let det godt. 

Denne soga har klåre parallellar til Tandberg Sølvsuper 12, der loudness er kopla permanent til volumkontrollen, og ikkje kan slåast av. Klypp over to leidningar som er lodda på toppen av volumkontrollen, og Sølvsuperen endrar fullstendig karakter. Den oppsvulma og blaute bassen er borte, attende er ein slagkraftig og detaljert lyd i ein heilt annan klasse. Resultatet er ein superforsterkar, som få eller ingen visste om før eg skreiv om det i juni-dagboka. Det høyrest ut som skryt, men eg trur det stemmer. Viss ikkje er det i alle fall ei god lygn.     

ØLSPALTA: MEIR JOLAØL

KINN

Me har vore gjennom 6 ulike jolaøl frå Kinn åleine. Dette er sterke saker på store flasker, so hald dekan godt fast i armlenet. Både Dag og Lars står fast ved at dette er ølbrygging på høgt nivå. 

Polarnatt 6%. Kraftig lukt, og smak av rosta malt og røyk. Malten er turka over kirsebærved, som dei sikkert har knabba i Japan. Ein øl for kalde kveldar. 

Solsnu 7,5%. Ljosare og linnare enn Polarnatt, trass i meir alkohol. Fransk gardsølstil, denne seiast å passa til lutefisk og kalkun. Balansert seier Dag, ein klassiker og rik på smak, seier Lars. 

Julebukk 9,5%. “til kaker og dessertar”. Kraftig og fin maltsmak. Balansert på same vis som Solsnu, men kraftigare. Godt likt. 

Tomasmesse 10,5%. "Tomasmesse 21. desember er den dagen ein etter gamal tradisjon skal smaka på jolaølet”. Ekstra kraftig, men likavel godt balansert, inspirert av belgiske klosterbryggeri. 

Julefred 6,5%. Denne er bryggja på norsk tusenårgamal tradisjon; til salta og røykt julemat. Smålåten på smak samanlikna med dei sterkare og kraftigare, og difor lettare å drikka i store mengder. “Lett og friskt” (Lars og Dag, dei to andre i panelet på tre). 

Julelys 5,5%. Belgisk kveiteøl, tilpassa den lettare jolamaten, som lutefisk og torsk. Me drakk denne til slutt, sidan det høver å slutta av med den lettaste/svakaste. Smakar naturleg nok ikkje klassisk jolaøl, men får likevel skryt frå L og D. 

ANDRE

Mack Julebokk, dvs. ein bokkøl, 9%. Lukt av melasse, rund og fin. Meirsmak. Me likte han. 

Haandbryggeriet COLD Chrismas IPA 7,5%. Humle- og blomeprega, ikkje ihel-humla, lett julete, alt i alt drikkande, om ikkje akkurat ein typisk jolaøl. 

Haandbryggeriet julepils 5,5%. Som ein kunne vente frå omgrepet pils var denne ein tanke blass og tam i dette utvalet. Passar for dei som ikkje likar jolaøl, so kva er poenget.

Haandbryggeriet Nissemor 6% vart godt likt. Fin vørter/malt, perfekt til raspekakene som Lars serverte for høvet. Meirsmak. 

Haandbryggeriet Bestefar 9% var nesten for kraftig for Dag, søtleg, markert malt. God i små mengder. 

Jol i Valdres 6,5%. Gamal kjenning og særs smakeleg. Eigenplukka rabarbra er tilsett for å balansera ut malten med litt syre. Kan minna om Voss Fellesbryggeri si Jolagåva i balansen mellom jolaøl og heimabrygg. Ein av favorittane, eit klart “må”-øl. 

PS. Eit knippe Jolaøl frå Nøgne Ø vart prøvd på tampen, men tidsnaud og plassomsyn hindrar oss i å ta med desse. I Januar tek ølspalta ferie, i alle fall frå jolaølet. Nok er nok.  

 

Read 1191 times Last modified on Wednesday, 17 December 2025 12:03
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.